Endeleg ein med god tid
Traff på denne karen i dag, og her var allverdens med tid så eg ba son min Sondre(10), å springe etter kameraet. Vi tok dette bilete, men gløymde å legge ved noko som kunne dokumentere størelsen. Snegelhuset hadde ein diameter på ca.15-20 mm og heile snegelen var under gange ca.30-35mm lang.Det er sikkert nokon av Hjørundfjordportalens lesarar som kan fortelje meir om denne karen.
Lagt inn av
Ivar Svein Mo
04.07.2006 14:04
04.07.2006 14:04
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Etter eit søk på nettet fann eg noko som kunne likne på den sneglen du har her. Typen (etter det som står på den heimesida er Ariante arbustorum, eller krattsnegl. Eg fann eit bilete som dokke kan sammenlikne med. Eg syns iallefall at det er rimeleg likt. Det som er litt rart er at søk på det latinske namnet ikkje gir like gode resultat. Sjekk biletet på: http://www.katarinastein.net/Snegler/Bilder/norske/IMG_0453.jpg
Lenka til heimesida er sjølvsagt http://www.katarinastein.net/Snegler/bilder-no.html
Lenka til heimesida er sjølvsagt http://www.katarinastein.net/Snegler/bilder-no.html
Tor Eirik Trandal