_bak

Tur med båt frå Sæbø til Finnes.
Turen går vidare til fots opp til Bakkedalen der det vert pause med underhaldning og sal av rømegraut og kaffi og kaker.
Underhaldning ved Morten Bollerud og Nipelaget.
Fottur frå Bakkedalen over Bondalsbakken ned til Rognestøylen og Sæbø.

 

Denne merka overgangen er det enklaste sambandet mellom Bondalen og Bjørke. Ruta vert kalla Bondalsbakken etter høgste eidet mellom dalane. Delar med fuktig sti, berre eit kort parti med stigning. Vanskegraden er lett om du brukar bil til setrane i begge endar. Det vert då 4 km, som du kan gå på 1-2 t. Høgdeskilnad 435-649-450 m

Pris: 190,- (buss: 45,- kvar veg og 100,- kr for båtskyss=
Tider:
09.15   Buss frå Ørsta til Sæbø
10.00   Båt frå Sæbø
13.00   Underhaldning og mat i Bakkedalen
18.00   Buss frå Sledalen til Ørsta. Påmelding
seinast 30 juli til Info@orstainfo, tlf  70 06 85 18.

Dei som berre vil ha seg en tur opp i Bakkedalen  denne dagen til ei koselig stund med mat og  musikk er hjartelig velkomne.
Ungdomslaget vil gjerne høyre frå deg på
grunn av maten.    Kontakt laget på tlf  70069291.

Håper på fint ver denne dagen og ein hyggeleg dag i Bakkedalen.
Helsing frå  Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag