Turist 002_edited

Kvifor er du i Hjørundfjorden?

Eg likar meg svært godt her. 

Korleis opplever du Hjørundfjorden?

Eg opplever den bra på alle måtar - også folket her er kjekke.

Kva er finast ved Hjørundfjorden?

Miljøet og naturen. I 40 år var eg i utanriksfart, eg har vore innom dei fleste land som er råd å kome til med båt.  Ingen stad er vakrare enn her i Hjørundfjorden.  I tillegg er det ei god kai her på Sæbø og Sæbø har den beste hamnefogden som finns - Tomas Hustad.

Og det verste?

Det må vere når det bles og motvinden er på det sterkaste.

Har du vore i Hjørundfjorden før?

Ja, dei siste åra har eg vore her med båten min kvart år.  Då eg var gutunge, var eg her også mykje, spesielt på Kvistad.

Kva et du under opphaldet i Hjørundfjorden?

Fisk frå fjorden og det som elles måtte passe.  I går kveld åt eg t.d. reker på hotellet.

Har du vore i Ørsta?

Tidlegare, ja, men ikkje i år.