Dagens turist 002_edited

Kvifor er du i Hjørundfjorden?

Først og fremst for å fiske - fiske laks i Bondalselva.

Korleis opplever du Hjørundfjorden?

Fantastisk natur - wunderbar.

Kva er det finaste ved Hjørundfjorden?

Umogleg å svare på.  Det er heilskapen som er så fantastisk.

Og det verste?

Die Landluft.(hjorundfjord.no tillet seg å tru at det er gjødsellukta han meiner.)

Har du vore i Hjørundfjorden før?

Ja, første gang  i 1976.  Etter den tid har vi(kona og eg) vore her stort sett kvart år.

Kva et du i Hjørindfjorden?

Vi har med  ein del mat frå Tyskland, men vi kjøper også mat her, først og fremst hos Slettedal(Joker, Sæbø) - ein butikk han er full av lovord om.

Har du vore i Ørsta?

Ja, t.d. vert laksen eg får i Bondalselva  røykt i Ørsta før vi tek den med heim til Tyskland.