Det var natt til søndag 2.juli kl.4.00 at ein forkomen mann kom og banka på med Per Jarle og Karin Trandal og opplyste at han hadde vore utsett for ei uhell på sjøen, og kome seg i land på Nes. Karin og Per Jarle hadde ikkje plass til overnattingsgjestar og måtte være behjelpeleg å køyre vedkomande til Rønningen, der han fekk overnatte.

 

Politiet kan opplyse om at det er meldt frå 4.juli at ein liten motorisert trebåt hadde grunnstøtt i nærheiten ved Molaupsfonna og hadde mindre lekasje, om det er denne båten som har kome seg til Nes veit vi ikkje med sikkerheit, men det kan være ei forklaring at den sokk ved land på Nes, etter skaden den fekk. Det vart ikkje meldt om nokon personskade.

 

Skulle dette være forklaringa så har det nesten vore eit forlis med Molaupen som kunne fått dramatiske konsekvensar for båtføraren den natta.