Bading3

 Ida Åmås (halvveges i vatnet) og Liv Grete Stokke stuper i sjøen.

- Det er varmt, tretti grader! Seier Sara Årseth.

- I vatnet? Spør hjørundjford.no.

- Nei, men det er ikkje kaldt. Sjølv om det var varmare i går, fortel Sara.

Saman med venninnene Liv Grete Stokke, Else Marie Stokke og Ida Åmås nyt ho fine sommardagar. Dei har bada så ofte dei har hatt sjansen.

Også på badestranda på Sæbø har det vore yrande badeliv siste dagane. Heile familiar har teke turen, og fått ein liten smak av Syden-liv. Sæbø Grendelag har stelt det fint til både på badeplassen og på Kapteinskvia, og det er fint å vere på badestranda no.

 Bading1

Else Marie Stokke (fremst), Sara Årseth, Ida Åmås og Liv Grete Stokke kosar seg i Hjørundjorden.

 

 

 

Tilbak til Sæbø-kaia. Å bade frå kaia og lemmen har vore populært i ei årrekkje. Men anar vi ei lita endring:

For kvar er gutane?