Musikaren "Rocco" er ein skikkeleg Hjørundfjord-venn. Han har vore og spelt på Sæbø-hotellet mest kvar sommar dei siste femten åra. Han spelar til dans alle dagar utanom søndagar i august.

Om ikkje folk får dansemusikk søndagar, får dei i alle fall tilbod om eit skikkeleg godt lunsjbord. Kvar søndag frå 13.00 til 16.00 tilbyr Sagafjord eit lunsjobord med eit rikhaldig utval av retar, kalde som varme. Dessertbordet er også ei oppleving for smakssansane. Det er bordbestilling  på 70 04 02 60

I august tilbyr også Sagafjord Hotell bygdevandring på Sæbø med lokal "naturlos" . Tilbodet inkludere lunsj på hotellet. Dette er eit tilbod til grupper, og det må minimum vere ti personar. Kontakt hotellet for informasjon på 70 04 02 60

DSCN1482

Rocco er ein sann Hjørundfjord-venn