Hæren.

Det var truleg gjennom militærtenesta på Setnesmoen ved Åndalsnes  at Martinus Mo – Moamartinus - fekk kunnskap om dynamitten og bruken av denne.  P.g.a. innsatsen i Forsvaret, fekk også Martinus personleg takk av kong Olav.  Sjølv er eg stolt av å kunne rekne Martinus som ein god kompis.  Men på sine eldre dagar hadde Martinus eit lite problem – han høyrde ikkje særleg godt.  Kanskje ikkje så underleg… 

Heiltidsbonde frå 59.

Etter at far til Moamartinus døde i 59, kom Martinus heim fot godt frå jobben  som formann hjå Br. Aarsæther i Lofoten.  Han vart bonden i Martinesgarden på Moane på heiltid.  Det var mykje denne mannen måtte- og ville rekke over.  Difor galt det å tenkje nytt for å få gjort unna arbeidet raskt og effektivt.  Ja, sjølv gjødselspreiinga vart ei ufordring for Martinus.

Vekk med greipa.

På 50 og 60 talet var det framleis vanleg å køyre ut gjødsla med hest eller traktor. Gjødsla vart tippa i mykradungar (gjødseldungar) og så spreidd utover med greip.  Den første tida var det ikkje traktor i Martinesgarden, men i tillegg til hest, brukte Martinus ein spesialutdanna okse(!) til å køyre ut gjødsla med.

 

Også underteikna måtte vere med på gjødselspreiinga.  Det seier seg sjølv at gutehendene ikkje var heilt gode etter nokre timars arbeid med greipa.  Den einaste herdinga hendene mine hadde fått gjennom vinteren, var gjennom grepet om skistaven og  blyanten.. Arbeidshanskar hadde ein visst ikkje høyrt om. Og hadde ein høyrt om det, hadde ein nok sagt at slikt noko berre var for pyser.  Nei, store, vonde blemmer i hendene vart resultatet av arbeidet med greipa.  Med greip var ikkje noko for Martinus.  Han gjorde seg nytte Alfred Nobel.

 

Svenske Alfred Nobel gjorde store oppfinningar, men  i alle høve for Martinus var oppfinninga av dynamitten den viktigaste. Dynamitten vart ein verdssuksess frå første stund. Likevel hadde Nobel  ikkje tenkt på at dynamitt  kunne brukast til noko så praktisk som gjødselspreiing. Han hadde kort og godt utelate praktisk forsking på dette området.  Denne tabben medførde nesten at Martinesgarden vart utan gardshund…

Dynamitt og gjødselspreiing.

Martinus tenkte raskt ut at dynamitt  var betre og raskare til gjødselspreiing enn greip.  På 60-talet var  dynamitten heller rimeleg og Martinus brukte difor ikkje lang tid frå tanke til handling. Men av årsaker som nemnt over, måtte Martinus ta seg av forskinga på dette området sjølv. 

 

Martinus brukte først ein halv gubbe dynamitt pr. gjødseldunge..  Ved hjelp av ei klyfteskòre (brukt til hes) fekk han stappa ladninga inn i dungen på åkeren.  Slik som lov om sprenging av dynamitt, § 22b,  tilseier, ropte Martinus først varsku her.  Deretter ropte han fyr her. Så tende han  lunta.  Dermed kom Bamse.  Bamse likte ikkje det fresande udyret som forsvann inn i gjødseldungen.  Han tok straks til å grave.  Så small det.

 

Ingen kom fysisk til skade, som det nøytralt heiter i dei korte dagsnyttmeldingane. Bamse var altså gardshunden i Martinesgarden på denne tida. Etter at hunden igjen hadde kome nokon lunde til sans og samling, snudde han rundt på femøringen og sprang rett inn til sengebenken til kårkona Anna – nygjødsla som han var. 

 

Ingen fysisk skade, nei, men Bamse fekk mein for resten av livet.  Han vart skotredd. Det var nok at Martinus ropte varsku her, så sprang han inn og la seg skjelvande ved den nemnde  sengbenken, eller han jaga katten vekk og kraup inn under vedomnen.  Ivar Svein fortel at han var så skotredd at berre dei small av ein kinaputt eller to på  nabogarden Gòtene på Kvistad, så sprang Bamse inn.

Baarøy

Stor takk til Olav Baarøy, Ørsta, for teikning.

Husveggen og flaggstonga.

Ikkje berre vart Bamse  uflidd etter denne første smellen.  Eine stabbursveggen vart også dekt av gjødsel og sjølv kula på toppen av flaggstonga hadde fått ein annan farge enn det ho skulle ha..  Men Martinus tok ikkje skrekken.  Han kom raskt fram til at ladninga måtte reduserast ytterlegare og etter kvart vart han reine eksperten.  Her må ein skyte inn at Martinus etter kvart fekk personleg  hoffleverandør av dynamitt.  Nils Årseth på Årsethbutikken på Sæbø sytte personleg for at Martinus ikkje gjekk tom for dynamitt i sesongen.

 

Den nemnde jobben med å presse inn ladninga med klyfteskora,  vart ofte  gjort av sønene Rasmus og Alf.  Marinus var absolutt i  godlag  når han fekk fylt lommene med dynamittladningar  isett fenghette og lunter og han i tillegg hadde fått sigarettsneipen – sjølvsagt rulla av Rød Mix -   i munnvika.  Å bruke høyrselsvern kom ikkje på tale. Nei, einaste vernet Martinus nøgde seg med, var  å smelle berre annankvar dunge for å halde ein viss avstand.

 

I det Martinus venta at smellen ville kome, stålsette han seg.  Han snudde  ryggen til, trekte skuldrane så godt han kunne oppunder øyro og bøygde seg lett framover.  Det var ikkje kjekt å få for mykje av stoffet ned mellom skjortekragen.  Genseren han brukte under dette arbeidet, var nok ikkje heilt rein etterpå. Difor stod kona Anna i døra når Martinus kom inn til middag, Ho måtte gje klar melding om at det meste skulle av før middagen vart servert – også sokkane.

 

Bamse vart altså skotredd takka vere Alfred Nobel og Martinus. Likevel heldt han av husbonden sin.  Det vert sagt at når Martinus tok seg ein kort middagslur på sengbenken, brukte Bamse å ta seg av reingjeringa av dei sokkelause føtene.

Ikkje på eng.

Martinus prøvde og å bruke dynamitt under spreiing av naturgjødsel på eng, men sjølv om han vissnok prøvde å bruke papirsekkar under gjødseldungane, vart ikkje resultatet godt.  Det vart gjerne små krater i dyrkamarka, noko som ikkje var heldig. 

Ekspert på land.

Martinus var også ekspert på spreiing av land(urin frå storfe).  Dette var sterke saker og måtte gjerne blandast med vatn før spreiing med slange.  Men eit livsfarleg arbeid var reingjeringa av landkummen i gjødselkjellaren etter at kummen var tømd.  Men Martinus visste råd.  Han kopla ein av dei grøne, nymotens plastslangane som var komne på marknaden, til utblåsingsdelen til mjølkemaskina.  Så beit han over motsett ende av slangen og gjekk ned i landkummen og reingjorde den.  Takka vere slangen fekk han  med jamne mellomrom suge til seg luft.  Men Alf og Rasmus måtte sitje på kanten for å sjå om alt gjekk bra med Martinus.  Dersom noko gale skulle skje, måtte dei springe og hente mor… 

Lensmannen tilkalla eksperten.

På denne tida dreiv lensmann John Riise og Ragna lensmannsgarden sjølve.  Ein gong fekk lensmannen  problem med tømingsordninga av landkummen. Difor tilkalla han eksperthjelp. Eksperten var sjølvsagt Martinus.  No ordna sjølvsagt Martinus problemet.  Ja, Ragna meiner bestemt å hugse at Martinus var så nøyen at han sjølv smakte på ”stoffet” for å kvalitetssikte vara.

 

Men under ein viss tvil nemner vi ei lita episode under denne innkallinga av eksperten.  Ei pumpe måtte køyrast til Rise før Martinus fekk gjort arbeidet.  Denne køyringa hadde ikkje Martinus tid til, men han tilbaud lensmannen at sonen Rasmus kunne køyre ned pumpa.  Likevel var det eit problem; Rasmus var berre 13-14 år.  Og løysinga vart?  Jau, lensmann John Riise kom til Martinesgarden med bilen sin og køyrde så framfor  traktoren – med Rasmus som sjåfør -  heilt ned til Rise.  Truleg er Rasmus den einaste, køyrande på ein traktor, utan førarkort og i alt for ung alder, som har blitt eskortert av ein lensmann.

Kven som helst kunne ikkje spreie gjødsel.

Når dei moderne gjødselvognene/vakumtankvognene kom, var det framleis Martinus som tok seg av gjødselspreiinga.  Slikt arbeid kunne ikkje overlatast til kven som helst.  ”Kvensomhelst” var  i dette tilfellet  nyebonden, dvs. sonen Rasmus. 

 

Som vanleg var på gardane på denne tida, var målet å hindre at ein for stor del av dyrkajorda gjekk med når nytt hus skulle byggast på garden.  I alle høve måtte ein få slå graset heilt inn til husmuren og dermed måtte det sjølvsagt også gjødslast heilt inntil huset.  Men Martinus hadde fått streng beskjed av Rasmus og kona Edel Johanne og om å ikkje å skitne til veggen.  Likevel gjekk det ein gong gale…

 

Heldigvis var ”nyeparet” ikkje heime denne dagen då Martinus opna  vakumtankvogna, som var full av gjødsel og under fullt trykk,  litt for tidleg.  Det gjekk som det måtte gå.  Det vert sagt at Martnus ikkje alltid var så nøyen, men denne dagen kunne naboane etter fadesen konstatere at Martinus stod oppe i ein stige og vaska husvegg med vatn og slange. 

Målingsspanna stod klar.

No unngjekk Martinus seinare å gjødsle fleire husveggar, men husmuren fekk nok ein dose ikkje så heilt sjeldan.  Men Martinus visste råd.  I gjødselsesongen hadde han ståande ei målingsspann med rett farge i kjellaren rett innanfor muren.  Penselen stod også klar i spannet. Når uhellet så var ute, var det berre å snike på eit nytt strøk etter at det verste var spyla av.

Knut Hustad 

P.s.:

Ei stor takk for informasjon om Martinus av ”nyebonden” i Martinesgarden, sonen Rasmus Mo, og Martinus sin brorson, Ivar Svein Mo, bonde på Gòtene på Kvistad.  Takk også til fleire andre.

d.s.