- Hjørundfjorddagane er viktig for Hjørundfjorden og kommunen. Dagane er ei flott marknadsføring av Hjørundfjorden, og er med på å gjere fjorden kjend for heile Noreg, sa Myklebust. Han takka alle dei frivillege som gjer arrangementet mogleg, og oppmoda folk om å kose seg dei to dagane festen varer. - Og kom tilbake til Hjørundfjorden, Sæbø og Ørsta seinare, oppmoda ordføraren. Opningssekvensen vart avslutta med at Lovise Mo song Valsen til Hjørundfjorddagane. Programleiar for årets dagar er Sindre Hjorthol frå Velledalen. Vi kjem tilbake med meir stoff etter kvart.

Tromma festen igang.JPG