Det vart ein tøff og tett kamp på Sæbø stadion, som Sæbø til slutt vann 3-2. Sæbø kom dårleg i gang, men kom tilbake, og det var 1-1 til pause. I andre omgang kom Sæbø i leiinga, men det var spennane til siste sekund, som forresten var seks minutt på overtid.
Sæbø kom under alt etter seks minutt. Ei mistyding i Sæbø-forsvaret gjorde at ein Tjørvåg-spelar snappa ballen og skåra.
Etter 11 minutt vart det 1-1. Kai Arne Skår la inn framfor mål. Tjørvåg-målvakta såg ut til å ha kontroll, men miste ballen. Marius Riise var vaken, og skåra frå kort hald.
Utover i omgangen var det Tjørvåg som var nærmast skåring. To gonger small det i tverrliggjaren bak Martin Liaskar i Sæbø-målet.
Andre omgang var seks minutt gamml då Hjorthaug slo til. Midtstopparen kom opp på eit hjørnespark, og stupnikka cornerinnlegget frå Marius Riise i mål.
Etter eit kvarter vrt det 2-2. Ein Tjørvåg-spelar fekk stå umarkert på sekstenmeterstreken, og han klinka ballen i mål.
Eit kvarter før slutt tok Sæbø leiinga igjen. Eit innlegg hamna framfor Tjørvåg-målet. Terje Stokke var først på ballen, og Tommy Riise Olsen flukta ballen i mål. Det var unge Riise Olsen (17) si første skåring for Sæbø på seniornivå.
Mot slutten av kampen pressa Tjørvåg, medan Sæbø var farlege på kontringar. Marius Riise hadde fleire store sjansar.
Dommar Oddmund Kaldhussæter la til seks minutt, og det var hektisk framfor Sæbø-målet på overtid. Men Sæbø-forsvaret leia av Hjorthaug og Marius Strandmann heldt unna. Fosvaret var Sæbø sin beste lagdel i kampen.
Med sigeren er Sæbø framleis med i opprykkskampen.
F.v.: Marius Riise, Sverre Børge Hjorthaug og Tommy Riise Olsen. |
Kommentarar
pluss kampoppsettet.