Sæbø kan då ta ferie heilt i tabelltoppen, og forvisse seg om at haustsesongen vert ein lang kamp om opprykk.

Sæbø tok kommandoen frå start, og før det var gått minuttet, kom den første sjansen. Mats Riise, som er heime etter skuleopphald i Trondheim, brassesparka i feltet, og ballen vart slått til hjørnespark av målvakta.

Utover i omgangen sleit Sæbø med å skape store sjansar. På den andre sida var det aldri farleg framfor Sæbø-målet, sjølv om Moltustranda yppa seg på kontringar.

 Moltustranda1.jpg
Marius Riise (t.v.), Terje Holen og Lars Urke

Rett før pause vart det 1-0. Marius Riise kom seg laus på høgresida, og la inn i feltet. Der kom Lars Urke stormande, og han sette ballen i ope mål.

Kampen var knapt i gang att etter pause før det vart 2-0. Etter 46 minutt kom Marius Riise seg fri, og han skaut ballen i mål frå hjørnet av sekstenmeteren.

Etter dette hadde Sæbø full kontroll, og Moltustranda hadde knapt ein sjanse i andre omgang.

3-0 kom etter sytti minutt, og kaptein for dagen, Terje Holen, laga målet åleine. Han fekk ballen på midtbana, og forserte. Han gjekk forbi det som var, og plasserte ballen i mål heilt ute ved stonga - utan sjanse for Moltustranda-målvakta.

Resten av kampen vart ein transportetappe, og Sæbø vann komfortabelt 3-0.

Moltustranda.jpg

F.v.: Lars Urke, Mats Riise, Terje Stokke og Sverre Børge Hjorthaug

 

Lag
Vunne Uavgjort Tapt Mål Poeng 
Åmdal9
6
2
1
25-10
20
Bergsøy 2
9
6
2
1
31-18
20
Sæbø
9
6
1
2
26-12
19
Tjørvåg
9
5
2
2
28-18
17
Åheim/ÅVK 2
8
4
1
3
24-22
13
Flø
8
2
1
5
11-23
7
Moltustranda
9
1
2
6
9-24
5
Gjerdsvika9
1
2
6
10-28
5
Kvamsøy
8
1
1
6
15-24
4