Sæbø fekk ei svært dårleg opning då heimelaget tok leiing alt etter tre minutt av føste omgang. Sæbø var fleire gonger på gyngande grunn den første halvtimen, og var heldige som låg under med berre eitt mål.

Det siste kvarteret betra deg seg noko, og Sæbø hadde også gode sjansar.

Det gjorde at Sæbø var optmistar før andre omgang. Men opninga av andre omgang var ein repetisjon av det som hende i første. Før det var gått tre minutt, skåre Bergsøy.

Likevel, Sæbø gav ikkje opp. Sæbø trykte på, og etter sju minutt vart det redusering. Det var eit fint angrep som vart avslutta med at Terje Stokke klinka ballen i krysset på heil volley.

Eit kvarter ut i omgangen utlikna Sæbø. Eit hjørnespark vart stussa vidare, og Marius Strandmnn skåra frå kort hald.

 Sæbø trykte på for å få leiinga, men tjuefem minutt ut i omgangen, kontra Bergsøy. Det enda med skåring, og 3-2-leiing til Bergsøy.

Sæbø sette inn eit stormløp siste kvarteret. Terje Stokke og Marius Riise var kvar sin gong åleine med målvakta, medan Sverre Børge Hjorthaug ikkje nådde fram då ballen trilla langs målstreken. Det var det siste som skjedde i kampen, og det vart tap.

Neste kamp for Sæbø er heime mot Tjørvåg, måndag 19. juni.