- Det er rett å melde seg inn. Sørover på Vestlandet opplever vi eit mykje meir utbreidd samarbeid. På Sunnmøre ser vi på kvarandre for mykje som konkurrentar, i staden for å samarbeide om å få turistane hit, sa Bodil Skare (Ap).                                                                                                          

Ho opplevde at fleirtalet i kommunestyret støtta hennar syn.  Det var tydeleg at saka engasjerer reiselivet i Hjørundfjorden. Fem reiselivsbedrifter, av dei fire i Hjørundfjorden, sende eit brev til kommunestyret før handsaminga, og insisterte på at kommunen melde seg inn i samarbeidet.   

Dette fall ikkje i god jord hos alle. Toril Langlo, også Ørsta Ap, gjekk sterkt i mot innmeldinga, og meinte dei fem verksemdene som bad om medlemskap hadde eit stort ansvar for å berge reiselivslaget i Ørsta sin økonomi. Ho var også kritisk til ordførar Hans Olav Myklebust (Frp): - Ordføraren har ivra for medlemskap sidan 2003, og då har eg lyst å seie at "sjå kven du omgås, så skal eg seie kven du er", sa Langlo. Ho utdjupa ikkje nærmare kven ho meinte ordføraren mengar seg med.                                                                  

Hjørundfjordrepresentantane i kommunestyret var stort sett samstemte. Alle røysta for innmelding, sjølv om Marta Aa Standal (Krf) var skeptisk, medan varaordførar Ola Perry Saure (Sp) eigentleg ville utsetje saka.