Kyrkjegardsgjerdet 011_edited.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kyrkjegardsgjerdet til Hjørundfjord kyrkje på Sæbø er no ferdigmåla.  Siste hand på verket vart lagt i går kveld.  Då gjorde ein  dugnadsgjeng på nærare 20 personar, med Jostein Kvistad i spissen, ein stor innsats.  Gjerdet har no fått den same fargen som listene på kyrkja i bakgrunnen,

Men ikkje berre er gjerdet måla.  Bårehuset har i lengre tid stått midt på kyrkjegarden nærast som ei bygdeskam.  Drevveggen er skifta av Olav Kjell Rekkedal og Ivar Melle.  I tillegg har Leif Slettedal spandert ei andre inngangsdør til huset.  Den nye døra er brei nok til at bårevogna kan trillast inn i huset og stå parkert der når ho ikkje er i bruk.  Jostein (Kvistad) seier seg svært godt nøgd med denne ordninga.Kyrkjegardsgjerdet 008_edited.jpg

 

Olav Kjell framfor den nye døra til bårehuset.  Jostein er svært nøgd med at døra er brei nok til bårevogna.

 

Bårehuset er no også rydda for gammalt skrot og området rundt er "oppshina".

 

 

 

 

 

 

 

Kyrkjegardsgjerdet 006_edited.jpg

 

 

Jostein gjer også anna enn å dirigere.

 

 

 

 

 

 

Kyrkjegardsgjerdet 013_edited.jpg

 

Siste strøk vert lagt på den nye drevveggen. Karin Slettedal under.  Det einaste arbeidet som no står att, er  å få sett i den nye porten i kyrkjegardsgjerdet - ein port som Tomas Hustad har laga.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dugnadssjef Jostein bad meg takk alle som hadde delteke på dugnadane. Folket på Sæbø har synt at dei er glade i kyrkje si.  Mange har også delteke i arbeidet med å rydde rundt prestegardsløa som står like ved.  Stor takk til alle.

Knut Hustad