Riise Olsen.JPGDet har diverre nesten vorte ein tradisjon at pøbel tenner på jonsokbålet under Hjørundfjorddagane. Det har hendt to gonger tidlegare, og det representerer også ein brannfare for omkringliggjande hus når slikt skjer utan kontroll, - Å samle inn til jonsokbålet er ein stor dugnad, og det er trasig når utanbygds folk gjer dette, seier Riise Olsen. Han var på Kapteinskvia laurdagskvelden, og det vart å gjeve klar melding frå dei som var der til tilreisande folk at bålet ikkje skulle røyvast. - Det verkar nesten som om nokre har venta på at lokal ungdom skulle gå derifrå, før dei kom til og tende på, seier Riise Olsen.