
Apalen i full blomst
På Sæbønes indre er det berre tre apalar, og rett nok har dei ikkje vorte behandla slik apalar skal, med årviss pleiing. Likevel, når trea ber frukter er det stas. Det er flott å gå ned til apalane om hausten, plukke nokre eple, og leggje dei i fruktskåla på stovebordet.
Diverre må eg vere ærleg, og vedgå at dei fleste eplene går til sauene. Dei elskar nedfallsfrukt, og kanskje er det godt fôr for dei også.
Den bløminga vi no har i pinsa, er uansett herleg. Det påverkar humøret. Blømande apalar fortel at trass i skodde, regn og sju grader, kjem det betre tider.

Ein blømande apal er flott å sjå når veret ikkje verkar særleg godt inn på humøret.
Staren (04.06.2006 kl. 23:39)
Det som eg har blitt klar over siste åra, er at staren er svært upopulær i mange land og er rekna som ein skadefugl. Dei plaffar i veg for å halde han nedåt. For oss her til lands er han nesten ein nasjonalfugl. Eg heiar på staren!
Enok Kippersund
Den fantastiske naturen vår. (04.06.2006 kl. 22:16)
Rune skriv om blømande apalar og Enok om blømande heggar, dette er livskvalitet. Eg for min del ser etter moldoksar og når Møre Nytt sist laurdag skriv om staren som ein av dei viktigasta hjelparane våre mot moldoksar, der kvar starefamilie et 20000 moloksar kvart år, så må ein berre tenkje på kor viktigt det er å ikkje forstyrre balansen i naturen.Eg hugsa besteforeldra mine kor dei venta på staren og kor viktig han var for dei, visste dei meir om kor nyttige kvar enkelte individ er
rundt oss den tida tru?
Ivar Svein Mo
Apal (04.06.2006 kl. 15:44)
Takk for bilde av blømande apalar!
Også heggen blømer over all måte denne våren.
Enok Kippersund