Fjord Norge sin representant Åse Marie Evjen hadde med seg to modellar, Erlend Jahr og Alive Mari Halvorsen. 8-åringen Håkon Evjen Bakke var gruppa sin yngste deltakar og poserte villeg foran kameraet.
Det vart sett fokus på Hjørundfjorden og Norangsdalen, der hovudmotivet var opplevingar og menneske i naturen.
Ørsta Reiselivslag og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre får bruke seks-sju bilete gratis, og mellom ni og tretten bilete vert lagde ut på Fjord Norge sin Fotoservice-katalog til fri bruk for turoperatørar. Dette er svært god profilering for området vårt.
Terje Rakke har tidligare vore tre gongar på klatreturar i Molladalen og meiner at området vårt, Sunnmørsalpane og Norangsdalen, og sjølvsagt Molladalen er mellom dei mest facinerande naturområda i landet. Han vil gjerne kome att og fotografere vintersport i Sunnmørsalpane.
Kjelde: Lokalavisa Møre Nytt
Kommentarar