Ungdommen veit svært lite. Mange av dei veit knapt kva ei hes er (- eller heiter det ei hesje?) Dei veit nok kva ein staur er, men kva med ei snarskòre? Kva er eit golv? Kor mange partar brukar ei hes å ha? Ja, ein kan stille ei rekkje med spørsmål om t.d. hesjing som mange ikkje kan svare på.
Men ta det med ro. Jarle Walseth trøysta meg her i vinter - ungdommen veit utruleg mykje, kunne han opplyse. Ja, dei veit mykje som den eldre generasjonen ikkje har peiling på. Sant nok, men dei har nok plass til både det nye og gamle....
Vi brukar å hesje litt kvart år her på Haugen. Tørt, godt høy er nærast for medisin å rekne til ein kavl med megeproblem. Likevel må eg nok vedgå at det kanpt hadde blitt hesjing dersom traktoren med forhaustaren hadde kome til også i hagen mellom heller nyplanta eple- og plommetre. Men i dag har vi altså hesja.
Som ein ser på fotografia under, har vi sett opp ei ferdig hes før vi byrja med sjølve hesjinga. Sjølvsagt er dette noko tungvint, men det kan ha sine praktiske sider. Vi hesjar heller ikkje med gaffel. Likevel, det har allereie teke til å lukte godt ute i tunet. Høy som tørkar luktar godt.
No har det seg slik at knapt nokon vil la seg fotografere av meg lenger. Dei vil ikkje inn på Hjørundfjordportalen, vert det sagt. Kan de forstå det??? I alle fall, her er både klyfteskòrer og snarskòrer pluss dei som hesjar. Kjellaug nærast. Karoline ynskjer å vere anonym. Det får vi respektere.
Ja, ja, eg får setje inn eit bilete av meg sjølv også, då...
Her ser vi sluttresultatet. Ikkje så verst, kva? Eg reknar med at dette er dei første hesjane som er sett opp her i dalen i år. Og berre så det er sagt til dokke som nesten er ferdige med å slå: Utan hesjing er ein ikkje skikkeleg bonde. Det sa i alle høve bestemor.
Men: Er det ikkje ein eller annan som har gamle fotografi av ei stor attelege med mange hesjar, eller eit foto av ei svært så laaang hes? Det hadde vore svært så kjekt om vi kunne ha lagt ut slike foto her på portalen. Treng det hjelp til det, er eg sikkert på ein av kontaktpersonane for portalen vil hjelpe til - eller underteikna for den del.
Helsisng Knut Hustad
P.s. I enden av hesa til venstre, er det ei eik - ordførareika. Den har Nils Taklo fått fram til plante frå frø. Rett nok før han vart ordførar, men det var truleg under "framalinga" av treet han tenkte ut korleis han skulle greie å bli nettopp ordførar. d.s.
Kommentarar
http://www.ub.uib.no/Knudsenbilder/sok/katalog_vis.asp?ID=4599
Sjølvsagt så skal ein ikkje gløyme den høgteknologiske utviklinga som skjer på heser lengre inn i fjorden hos HæsTech, http://www.haestech.com/blogg/
Legg merke at det her er brukt 'æ' i hes, men det er nok berre for å tekkast betre eit internasjonalt publikum.
http://www.haestech.com/blogg/?page_id=14
(oppr. hes, plur. hesjar, visstnok fra hæsa, vindtørke), stativ til tørking av lo (utresket korn), høy, m.m. Den vanligste typen har en rekke med opptil 2 m høye staur som strekkes - én og én etter som materialet blir lagt på - over hverandre og festers ved kast omkring staurene. Når det ferdigtørkede materialet skal kjøres inn, må det trekkes eller skyves ut av hesja. Istedenfor ståltråd har vært brukt stenger (rajer), lagt på onnborede knagger eller bundet fast med vidjer (rajehesjer). Til tørking av lo har til dels vært brukt skråhesjer, som fremkommer ved at hele det gjerdelignende stativet legges på skrå mot en rekke støttestaur. Må mønehesja er også denne annen staurrekke forsynt med hesjetråd, slik at det bnlir en dobbele hesje. I skrå- og mønehesje skulle toppenden av kornbåndene ligge på undersiden av hesja, godt beskyttet mot regn. For å redusere arbeidet med selve hesjestativet kan man bruke sisalgarn istedenfor ståltråd, eller legge ståltrådene på tilbøyde kramper som er slått inn i staurene. Ved innkjøring av høyet blir staur og tråd trukket ut av høyet - motsatt fremgangsmåten ved den vanlige hesje. Skal traktor med frontlesser erstatte håndgaffelen ved opplegging av gresset på hesja, brukes spesielle hesjetyper, f.eks. bukk- eller siksakhesje, eller "hytter" sammenspikret av stenger. Slike hytter er vel kjent i mange land, mens hesje er karakteristisk for Norge og Nord-Sverige. Hesje til tørking av torv på torvmyrer har to trråder (el. rajer) strukket på tverrtrær på staurene og som torvstykkene legges på.
(Kjelde: Aschehoug og Gyldendals Store Norske Leksikon. Oslo, Kunnskapsforlaget, 1979)