I dag har eg dreve med forhaustarslått på leigejord hos Tore M. Aarskog i Årskogane.  Det vart ein del køyring og eg har sett  andre bønder som har brukt traktor med forhaustar, traktor med lessevogn, traktor med skiveslåmaskin osb. I det heile kan ein seie at utstyret som vert brukt til slåtten har stor haustekapasitet.

Men det som likevel gjorde mest inntrykk på meg var ein pensjonert bonde - ein bonde som  tok bryderiet med å gjere det fint i tunet sitt.  Mannen brukte langorv og namnet hans er Tore J. Aarskog.

Ljå 006.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg  merke til den fine ljådraget og den fine skåren som vert etter ein mann som kan å bruke langorven.

Det er ikkje ofte ein ser slike fagarbeidarar som Tore i dag.  Difor måtte eg berre stoppe for å ta nokre foto.  Men ein må nesten høyre på også - høyre fordi ein ljå/langorv med godt bet lagar ein skikkeleg godlyd.

Ljå 007_edited.jpg

 

Tore hadde brynet i baklomma - slik det skal vere.  Men det ein må også kunne å bruke brynet.  Det kunne sjølvsagt Tore.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ljå 008_edited.jpg 

Nei, vi er ikkje på museum.  Er det mange att som brukar langorven her i Hjørundfjorden?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ljå 010_edited.jpg

 

No er altså Tore fagarbeidar på langorv. Orv tyder skaft på ljå.  Langorv - langt skaft.  Og orven har Tore laga sjølv.  Han har brukt tid til å finne seg eit passande emne i skogen.  Bøyen på orven skal vere på rette staden.

Legg merke til at dei to "handtaka" på orven.  Her i dalen har det nok vore vanleg å bruke desse to "handtaka", andre stadar sløyfer ein det eine - dvs. det nærast ljåen.  Ein held då berre rundt orven/skaftet med den eine handa.

Å få tak i ein ljå med godt bet, er ikkje lenger heilt enkelt.  Men i Horningdal vert det visstnok laga ljåar av god kvalitet.

 

No synest eg det er svært så kjekt at det eg skriv vert kommentert.  Eg tenkjer no på innlegget om hesjing.  I det siste har eg veksla ein del e-postar med ei av hjernene bak denne portalen - Tor Eirik Trandal. (Han treng snart ein premie).  Han etterlyste ei bruksansvisning på ei hes.  Det er sikkert mange måtar å gjere det på og ulike namn vert brukt.  Eg tek likevel med eit par foto for å vise.

Hes 006.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ser ein godt etter, ser ein at denne hesa har fem strengar - fem partar - i høgda. "Skråstauren", som vi kallar snarskòre, vert festa til den øvste strengen på annankvar staur.  På motsett side av snarskòra, dvs. på den sida eg står og hesjar, set eg etterkvart opp ei anna skòre - ei klyfteskòre.  Klyfteskòra vert normalt sett på annankvar snarskòre, dvs. fjerde kvar staur. (Dette vart visst vanskeleg)

Hes 020.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Unn etterlyste namnet på dei to små i enden av hesa.  (Vi brukar to, andre brukar kanskje berre ein) Eg har høyrt ulike namn på dei - pålar, pælar og nabbar.  Av ein eller annan grunn har vi på Årsethaugen kalla dei toljar (j-en har vel kanskje med palatalisering å gjere?)  Desse må vere godt festa i marka dersom hesa ikkje skal sige saman. (Jau, ei regnfull natt skjedde det meg også)

Her ser vi snarskòra på den eine sida av hesa pluss klyfteskòra på den andre sida.  I tillegg står det laus klyfteskòre oppetter hesa.  Ta deg ein prat med far Kjell, du Unn så kan du gje oss ei tilbakemelding om eg gjer det på rett måte.

Helsing Knut