Familien på Bakken har for ei tid sidan flytta ut av huset på garden, og 3 mann frå Bulgaria har dreve på med ombygging av huset. Det har ikkje vore så mykje kontakt med oss andre med desse karane, for det er vanskeleg med språk, men mandag var Stig heime sjølv og kunne fortelje at no skulle han og karane bruke krana for å heise ned taket.

Dette var spennande for oss andre og dette skulle vi ha med same kor forkava vi var med slåtten, så på tirsdag ettermiddag så stilte vi oss opp for å sjå.

Img_2321.jpg                            Her har krana teke godt tak i loftet og begynt å lette ifrå.

IMG_2326.JPG                             Jau, jammen greidde ho å lette frå toppetasjen som igenting.

IMG_2335.JPG IMG_2336.JPG

Og berre på nokre få minutt har Stig og Hilde Elvestad fått seg garasje, men som ein ser så har det vorte eit stort jafs utav huset.

IMG_2338.JPG

Jau dette var spenstigt sjå på for oss andre, og dei frammøtte syntes dette var kjekt, å så fint at det heile var vellukka på alle vis. No er det store spørsmålet, kjem her nytt tak på stova før regnet kjem og bløyte ut?

Stig er ingeniør og vande med store prosjekt, men for oss andre er det ikkje daglegkost, men dette trur me  gjeng fint.

Den andre og den minste seksjonen var lyft ned etter ei stund, men då måtte me andre tilbake til slåtten, så der er ikkje bilete av det  å vise portalen sine lesarane. 

Vi venter og ser kva som skjer videre, kanskje ein dag kan vi tore oss bort å prøve engelsk kunskapene vår med dei tre Bulgarske karane.