brann

Ei oppbrent t-skjorte, og ein øydelagt lysarkframvisar vart dei einaste skadane etter branntilløpet på klubbhuset. (Foto: Einar Tvergrov)

- Det er einaste forklaringa vi kjem på, for prosjektoren var ikkje kopla til straum, fortel Eldbjørg Tvergrov, leiar i Sæbø IL.
Det var klubbhus-ansvarleg Kari Riise som oppdaga branntilløpet. Ho kjende ei veldig svilukt då ho kom på klubbhuset torsdag ettermiddag. Inne på kontoret såg ho at det låg ein svart svidd klump oppe på glaset til lysarkprosjektoren. Det var ei utbrent t-skjorte.
- Heldigvis var det ikkje papir i nærleiken, der elden kunne ha fatna, og heldigvis fatna heller ikkje elden i veggen. Vi er glade for at ikkje det vart meir skade no like før Hjørundfjorddagane, seier Tvergrov.
Elden har altså brunne ut av seg sjølv, og brannvesenet vart etterpå kontakta rutinemessig.