saeboe

Marius Riise skåra nok ein
gong for Sæbø.

Sæbø stod før kampen mot Moltustranda utan siger på bortebane sidan tidleg mai i fjor. Medan laget har vunne til dels stort på heimebane, har spelarane verka nærmast paralyserte på framand grunn. Slik var det ikkje torsdag. I alle fall ikkje i første omgang.
Sæbø tok tidleg tak i kampen, og heimelaget verka tannlause. Det var Sæbø som hadde ballen mest.
Sigersmålet kom etter førti minutt. Trond Åge Osvoll la til Marius Riise, som frå seksten meter kontrollert skaut ballen i hjørnet, utan sjanse for Moltustranda-målvakta.
I andre omgang endra kampbiletet seg. Moltustranda tok meir og meir over, og skapte til dels svært store sjansar. Sæbø-målvakt Martin Liaskar var heldigvis for Sæbø i knallform, og han redda alt som kom av skot. Ein gong vart han utspelt, men då vart det nikka i tverrliggjaren.
Sæbø var farlege på kontringar og dødballar, og Osvoll, Jomar Leknes og Kai Arne Skår hadde alle gode sjansar til å auke leiinga.

Det vart med det eine målet, og det var nok til at Søbø tok tre nye poeng. Laget ligg no på andreplass på tabellen, to poeng bak Bergsøy2. Nettopp Bergsøy2 er Sæbø sin neste motsandar, i Fosnavåg måndag 12. juni.