Kenya:

Kenya 

Opplev verdas kanskje flottaste villmark i Masai Mara. Her kjem du tett innpå dyrelivet du berre drøyme om å oppleve. Her er elefantar, løver, gepardar, bøflar og flodhestar. Det å vere i Masai Mara gjev deg ei enorm fridomskjensle. Viss du skal dit, sats på å reise med billegbillett til Nairobi, og kontakt lokale safarioperatørar. Då sparer du tusenvis av kroner.

 

Berlin:

Berlin

Kanskje den viktigaste byen i Europa akkurat no. Det vert satsa milliardar i byen. Byen vart bomba øde under den andre verdskrigen, og den delte byen etter krigen gjorde det ikkje betre. Etter at Berlin-muren fall, har byen vorte hovudstaden i eit samla Tyskland – og kanskje Europa? Sats på norwegian.

 

Den franske riviera:

Frankrike 

Cote de Azur er fantastisk. Rivieraen har kanskje rykte på seg for å vere dyr og eksklusiv, men det finst unnatak. Ta utgangspunkt i Nice, og leit deg rundt. Alle flyselskap har rimelege turar til Nice, eventuelt Marseille.

 

 

 

Hammerfest og Alta:

alta

Kvifor ikkje reise i Nord-Noreg. Hammerfest og Alta er nær geogrrafisk, men så ufatteleg ulike likevel. Alta er i Europa, Hammerfest er i Arktis. Reis og sjå sjølve.