420 Kv kraftlina
Mange har sterke meiningar om hovudkraftlina som er tenkt bygd gjennom Ørsta kommune og dei flotte naturområda våre. Merkeleg er det då at det ikkje har vore nemnt her på Hjørundfjordportalen. Eg vil med dette opne for debatt angåande denne omdiskuterte kraftlina som kan få store konsekvensar for naturen og miljøet vårt.
Lagt inn av
Tor Eirik Trandal
15.06.2006 10:59
15.06.2006 10:59
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Eg vil for all del ikkje ha ei stor støyande og skjemmande kraftlinje gåande rett gjennom det som er å betrakte som "verdens" finaste fjord. Ein fjord som har begynt å utvikle seg som turistfjord... og som har stort potensiale der.
Tor Eirik Trandal
Hjørundfjorden bygdemoblisering har protestert på kraftlinja, og du kan lese brevet under artikkler for bygdeutvikling.
Ivar Svein Mo
Ja, det er merkeleg at dette ikkje har vore diskutert her, det kan virke som om det ikkje er eit fullt så hett tema i Hjørundfjorden sidan det berre berører den yste delen av fjorden. Her i Follestaddalen kokar folk av sinne og frustrasjon over denne linja, kanskje skulle Hjørundfjordingane også engasjert seg meir i denne viktige saka.
Unn Frøland