Leiaren i nemnda, Ivar Aarsæther, starta med å orientere om det arbeidet som er gjort så langt og kvifor ein ynskjer veg på Skårasalen. M.a. viste Ivar til at det i dag er ca. 750 bilar/år som nyttar seg av setrevegen inn Kvistaddalen, men dersom det kjem veg heilt opp på Skårasalen vil talet på bilar auke dramatisk. I 2005 var det 140000 bilar som køyrde opp på Dalsnibba i Geiranger og når ein veit at prisen pr. bil er kr. 60,- seier det seg sjølv at ein uansett snakkar om store inntekter ikkje berre for grunneigarane på Kvistad, men i alle fall for heile Hjørundfjorden.
Ivar opplyste også at han t.d. har snakka med hotelleigar Skogen i Volda, reiselivsfolk i Ålesund og mange fleire. Alle støttar prosjektet og seier at ein må setje i gang med vegbygging snarast.
Ivar understreka at denne nemnda sin taktikk for å få aktuelle samarbeidspartnarar til å vere med å finansiere vegen, var fyrst å få Ørsta kommune til å gje løyve til vegbygging. Men skulle Ørsta kommune seie ja, måtte ein få utarbeidd eit kart der vegføringa og stigningslinja var teikna inn. Å få utarbeidd eit slikt kart med vegen innteikna vil koste ca. kr. 40.000,-, opplyste Ivar. Det var pengar til eit slikt kart nemnda søkte økonomisk støtte til.
Bjarne hadde lite tru på at nemnda hadde valt rett taktikk. Det måtte utarbeidast eit skikkeleg forprosjekt slik at når Ørsta kommune fekk søknaden om løyve til å bygge veg på Skårasalen, ja, så måtte søknaden vere så god og gjennomarbeidd at kommune slapp å stille ytterlegare spørsmål. Sjølve teikninga av vegen var ikkje viktig i denne fasen, mente Bjarne.
Lars Petter meinte også at det var lettare å få finansiert vegen dersom ein på førehand hadde fått byggeløyve frå Ørsta kommune. Han sa også at ein tur på Skårasalen vil vere eit høgdepunkt på turiststigen samanlikna med alt det andre ein turist ville få sjå.
Per Atle meinte at det måtte utgreiast skikkeleg på førehand kva ein veg på Skårasalen ville bety for Hjørundfjorden. Ein måtte hugse på at det var krevjande å få turistar hit.
Elling viste til at det f.t. var ei enorm bygging av nye cruiseskip. Desse skipa ville kome inn Hjørundfjorden også fordi Geiranger er sprengt. Men skal vi tene pengar på desse cruiseskipa må vi få turistane i land dersom dei skal legge igjen pengar. Ein veg på Skårasalen vil nettopp gjere det slik at turistane vil kome i land på Sæbø. Elling meinte at dersom ein fekk veg på Skårasalen ville det vere det høgste fjellet ein turist kunne køyre opp på og sjå rett i fjorden. Vi må vere optimistar, meinte Elling.
Elling understreka også at dersom ikkje vi bygde veg opp på eit slikt fjell, ville nok andre gjere det innan kort tid og dermed ville prosjektet med veg på Skårasalen verte skrinlagt for alltid med det tap av pengar og arbeidsplassar det ville medføre. Vi vil kome attom, sa Elling.
Lars Petter meinte at vegen som nemnt vil vere eit godt alternativ til Geiranger. Han meinte også at menneskeskapte turistattraksjonar er dei attraksjonane som vert mest besøkt. Ei tilrettelegging for turistar på ein stad, vil også vere med å verne andre område, meinte Lars Petter.
Elling meinte at eitkomplett forsprosjekt ville koste mykje pengar, kanskje 3 – 400000 kroner. Så mykje pengar hadde ein ikkje difor var det viktig å få pengar til å utarbeide eit kart der vegprofilen var innteikna.
Per Atle var samd i at eit forprosjekt kunne verte dyrt, men det han kalla ein forstudie – som stort sett var eit skrivebordsarbeid – trong ikkje om å koste så mykje. Ja, han meinte at Høgskulen i Volda kunne utarbeide ei slik forstudie nesten gratis. Det vart også sagt at ein måtte unngå at det vart stor interesse om prosjektet berre fyste året for så å dabbe av åra etterpå. Det var alt for mange døme på slike prosjekt.
Bjarne meinte også at det var ein kjempeide med Høgskulen. Å få atarbeidd ei slik forstudie som Per Atle nemnde måtte vere samfunnsnytting forsking, meinte Bjarne.
Elling meinte at det var ein god ide med Høgskulen, men han frykta ikkje at dersom det kom veg på Skårasalen så ville interessa dabbe av etter kvart som åra gjekk. Elling trudde tvert om at interessa ville auke.
Lars Petter støtta Elling. Lars Petter minte om at når turistar t.d. kjem til Ålesund for å vere der ei veke, ja, så vil dei reise rundt om i området på dagsturar. Ein tur til Skårasalen med buss/bil vil vere eit høgdepunkt. Lars Petter hadde også god tru på å få investor til prosjektet. Han lanserte ideen om at ein investor kunne få t.d. 10 % av det årlege overskotet.
Bjarne tok kontakt med professor Jørgen Amdam ved høgskulen i Volda. Amdan meinte at det var store sjansar for at Høgskulen ville seie ja dersom ein fekk forspørsel om å lage ein forstudie slik som Per Atle gjorde framlegg om.
Knut Hustad
Kommentarar