Våren har i år vore heller kort. Dette året har vi, slik ein er vand med lenger nord i landet , mykje gått rett frå vinter til sommar,
Eit vårteikn har likevel dukka opp, og det er vårknipa. Etter som dei aktive gardbrukarane får stadig meir leigejord, har det vårteiknet vorte sjeldnare. Vi har sist åra vorte vande med fôrår over normalen, slik vart det ikkje i fjor. Særleg hoslåtten sleit mange med.
August starta med tørke og heller dårleg vekst, og mange ønska seg høvelege mengder med regn får å få betre avling. Regnet kom, men i ikkje i høvelege mengder. I mitt minne vart det regn resten av august og heile september. Følgjene vart elendige tilhøve med siloslått og rundballepressing medan vatnet rann. Nokre måtte berre "ligge på veret", utan at det vart betre av den grunn. Det aller meste vart til slutt berga, men resultatet vart jamt over dårleg hoavling, og kvaliteten har nok vore langt betre.
Fleire enn vanleg har difor i år fått merke vårknipa. Ein skulle hatt litt meir fôr før enn slepp dyra ut på beita eller kanskje ein har slaktedyr o.a. som ikkje skal ut. Innanfor kommunen ser det likevel ut til at der er nok fôr, totalt sett. Det er då godt å kunne kontakte andre i yrket som kanskje løyver nokre rundballer, og høyre om ikkje ein kan gjere ein handel. Næringa har tradisjon for å stille opp når det er behov. Det kan mange vitne om. Landbrukskontoret har namn på fleire som har fôr for sal, så dersom du opplever vårknipa, kan vi formidle kontakt.




Børild Skåra
Fagkonsulent
Ørsta kommune - Landbrukskontoret

tlf. arb.: 700 49613
mobil.: 97179423