Desse møtte:  Ivar Svein Mo, Per Atle Røe, Irene Osvoll, Eldrid Øye,  Rune Sæbønes, Linda Stokke, Kjell Otto Holen og Knut Hustad.

 

Sak 23/06.  Gjennomgang av søknad som er sendt landbrukskontoret – søknad om SMIL-midlar – spesielle miljøtiltak i landbruket.

 

Vedtak:  Styringsgruppa v/Irene Osvoll har søkt om kr. 85.400,- til rydding av rampe frå Riise og framover.

 

Sak 24/06 – Gjennomgang av det arbeidet som vert gjort på Sæbø.  M.a. planlegg Sæbø IL ei sandvolleyballbane på Kapteinskvia.  Dugnad – rydding rundt prestegardsløa innan utgangen av mai månad m.m.

 

Sak 25/06 – Søknad frå ”Skårasalvegnemnda” om økonomisk støtte til teikning av profil for Skårasalvegen.  Pris for ei slik teikning m.m. vil koste om lag kr. 40.000,- i fylgje nemnda.

 

Vedtak.  Styringsgruppa viser til positivt møte mellom arbeidsutvalet og ”Skårasalvegnemnda”.  Styringsgruppa seier nei til å løyve pengar til teikning av vegprofil no.  Styringsgruppa ser det likvel som viktig at søknad om veg på Skårasalen vert utarbeidd, men ein slik søknad  må vere skikkeleg grunngjeven.

Styringsgruppa ber om at ein forstudie til vegen vert utarbeidd av Høgskulen i Volda.  Styringsgruppa set av inntil kr. 10.000,- til dette arbeidet.

 

Sak 26/06.  Skal Styringsgruppa søkje Ørsta næringskontor om kr. 350.000,-? (Rest kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift.)

 

Vedtak.  Styringsgruppa søkjer Ørsta næringskontor om kr. 350.000,-  - pengar som skal brukast til prosjekt i Styringsgruppa sin regi.  Styringsgruppa trekkjer samstundes søknad til Ørsta næringskontor av 31.3.06.

 

Møtet slutt klokka 2200.

 

Knut Hustad

skrivar