paaskeafta_003

paaskeafta_007

paaskeafta_012_edited
 paaskeafta_009_edited

Vi har vel hatt påsker med finare vêr.  Likevel planla svigersonen, Fred Ingar, og eg ein tur på Skårasalen påskeaftan.  Håpet var at vi kunne ta den fantastiske(?) turen ned Lissjeskåradalen til Skår.

I alle høve her på Årsethaugen var det påskeaftan eit vært utriveleg vêr klokka 7 – sludd og skodde snart ned til husa.  Hadde eg ikkje avlyst den planlagde turen før, så gjorde eg det i alle høve etter at eg kom i fjøsen.  Det
hadde gått hol på ein drikkeslange i ein kalvegarde og vatnet spruta utover.  Ikkje triveleg.

Eg kom ikkje i hus igjen før klokka 10, men Fred Ingar hadde smurt matpakken og var klar til skitur på Skårasalen….

Kvistadkarane hadde brøytt setrevegen inn til fonna.  Bilen parkerte vi der. Start kl. 1120 i lett regn. 

Innover mot setra var det noko våt nysnø, men ikkje vind.  Oppover på den tradisjonelle vegen mot blåhorndalen auka det på både med vind og snø og herifrå og til topps var det tørr nysnø.  Sikta var svært dårleg, men etter kvart kom eg meg heilt til topps på Skårasalen. Fred Ingar var flink til å motivere…

Eg hadde med ikkje berre eitt, men to fotoapparat.  Planen var å ta mange og gode bileter, men eg gjorde næraste ein generaltabba.  Eg hadde ikkje med meg skikkelege vottar, berre hanskar.  Hanskane virka fint heilt til topps, men så var det slutt.  Eg heldt på å fryse av meg fingrane og det seier seg sjølv at fotografering varet det lite av.  Det vart heller ikkje noko av turen ned til Skår.

Ned Lissjeskåradalen.

dsc02067Og det er vegen ned til Skår som er heile poenget med dette skriveriet.  Det er vel ein eller annan av dykk der ute i verden som har nokre foto å legge ut her på Hjørundfjordportalen?  Ein dag no i påskeveka var det visstnok over 40 personar som rann ned denne vegen  til Skår frå Skårasalen.  Denne turen ned vert rekna som ei av dei flottaste nedkøyringane i området vårt.  Stemmer dette? Vi treng foto og informasjon.  Skriv! 

Knut Hustad

 
Ja, flotte foto vart det på ingen måte, men eg/vi kom oss no både opp og ned.  Det siste fotoet er av underteikna, dei fire første av Fred Ingar.