Her finn du litt om dei fjelltrimpostane som allidrettsgruppa i Sæbø IL vil leggje ut i år. Vi har prøvd å gje ei kort skildring av dei ulike postane. Hugs at det vert trekt ut premiar blant alle som skriv seg inn i bøkene.
Postane kjem på plass tidleg i juni. Melding om dette kjem seinare.
HEIMSETRA.Skogsveg heilt fram , svært lett tur, greit med barnevogn.
BJØRDALSVATNET: Fin og lett familietur, høveleg både for sykkel, barnevogn og rullestol
OLAVSHOLA: Litt bratt men fin og spennande familietur opp til hellaren. Ta også turen om utsikta.
VASSTØYLSVATNET: Lett og kort familietur inn til vatnet, rås i frå vegen i Kvistaddalen.
STORENAKKEN: Bratt tur frå enden av skogsvegen i bakkane på Riise, merka rås. God utsikt over Sæbø og Bondalen
KLOKKEURA: Lett litt lengre familietur. Fin rås frå enden av skogsvegen frå Stokke
LAUVA: Bratt men kort tur, passar også for dei små. Følg råsa frå Solheim mot Slogen.
LANGSETRA: Følg skogsvegen i frå Urkegjerde, god rås frå vegen sluttar til Langesetra. Lang men fin tur.
HØGERESET: Middels lang tur. God rås i frå Heimsteholen.
STOKKEHORNET: Bratt og luftig tur frå halsen. Kanskje ikkje for dei aller minste.
KVAMSETDALEN: Fantastisk flott men lang tur. Godt merka rås frå enden av vegen i Kvistaddalen.
SKÅRASALEN: Svært populær og flott fjelltur, litt tyngre tur. Godt merka rås frå enden av vegen i Kvistaddalen.
Lagt inn av
Rune Sæbønes 12.05.2006 23:02
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Ein burde kanskje gjere slik som Trimgruppa i Ørsta med poeng for kvar tur, og deretter trekke premiar blant dei som oppnår det fastsette kravet. I ørsta er dette kravet 7 postar eller 85 poeng for vaksne, og 5 postar eller 50 poeng for barn under 15 og pensjonistar. Eg syns dette er ein grei måte å gjere det på, og ganske rettferdig. Eg likar også måten Trimgruppa i Ørsta har lagt opp dette med brosjyre og poengark. Eg veit ikkje heilt korleis dette er i Hjørundfjorden.. Men kanskje dette hadde vore ein modell å fylgje?
Tor Eirik Trandal
Ikkje trekking av premiar (14.05.2006 kl. 18:15)
Fjelltrimmen er eit godt tiltak, men premiering ved trekking er feil. Poenget med fjelltrimmen er vel kort og godt å få folk ut i terrenget mest mogleg. Det burde vere slik at den som går flest turar får premien. Slik premieringa er i dag kan ein person som tilfeldigvis går ein tur inn på Vasstøylen, få hovudpremien. Denne måten å premiere på er lite motiverande. Ikkje sant?