Hjørundfjordportalen » Lokalt » Pliktmann

Attende til hovudsida
  • Lokalt
  • Tourist
  • Natur
  • Bygdene

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

Søk

  • Hovudside
  • Toppturar i vinterfjell
  • Artiklar
    • Bygdeutvikling
    • Folk og bygd
    • Kultur
    • Landbruk
    • Lokalnytt
    • Natur
    • Portalnytt
    • Sport
    • Ymse
  • Fast stoff
    • Hjørundfjordheimen
    • Kyrkjekalender
  • Om portalen
    • Kontaktpersonar

MENY
Logg inn
  • Logg inn
  • Ny brukar
Placeholder for 404-bilder

Pliktmann

Kom i hyggeleg prat med ein sambygding i går, og eg fekk høyre om ordninga med "pliktmann". Kva var (er?) ein pliktmann? Kva veit vi og kva trur vi?

Enok
som kanskje var med og hjelpte ein pliktmann ein gong

 
Lagt inn av Enok Kippersund
21.04.2006 09:56

Kommentarar

Enok Kippersund - Pliktmann 22.04.2006 kl. 18:40
Når eg søkjer på Google, får eg ikkje treff på "pliktmann". Nynorsk ordbok gir heller ikkje svar. Det var uventa, for ordet var (er) ikkje så sjeldant. Det er snakk om ei ordning som eg forstår var vanleg i fjorden, slik som eg oppfattar min heimelsmann.

Kan folk i sogelaget greie ut?

Enok
Tor Eirik Trandal - Pliktmann 29.04.2006 kl. 23:56
Eg kan (med handa på hjertet) seie at eg aldri har høyrt om ein pliktmann før. Er dette eit ord som er på veg til å døy ut?

Er litt nysgjerrig på kva ein pliktmann er fornoko...
Roy-Magne Mo - Pliktmann 28.06.2006 kl. 00:14
Eit Google-søk i dag, gir det at Ivar Grimstad har brukt dette ordet i ei bok som vart skriven i 1959, Den mystiske hola - den er nok å finne på eit bibliotek nær deg :)
Gerd Sofie Langvatn - 28.06.2006 kl. 21:04
Slik eg kjenner ordet er det ein husmann. Husmannen kunne få anledning til å kjøpe ut jorda mot å forplikte seg til ei viss mengd arbeid hos bonden. Dermed vart han Pliktmann.
Einar Arve Nordang - Pliktmann 30.06.2006 kl. 12:20
Det eg har haurt som er tydinga av pliktmann skriv seg tilbake fra 17-1800 talet. Eg kjenner til at vegen igjennom Norangsdalen blei bygd som pliktarbeid der alle bygdelag som kunne tenkjast å ha nytte av vegen måtte stille med pliktmenn for å få vegen bygd. Vidare var vegen delt inn i roder slik at kvar bygd hadde sine roder å vedlikehalde. Eg har blitt fortalt at pliktmennene frå Bjørke klaga over at Bjørke hadde fått ei rode så langt inn i Norangsdalen at det gjekk med ein ekstra dag i reising.
Ser ut til at Google får litt å tygge på her.
Enok Kippersund - Følgje mjølka til byen 12.07.2006 kl. 12:14
Pliktmann kan nok vere så mangt. Sambygdingen her i fjorden som gav meg dette ordet, fortalde koss det måtte vere med ein pliktmann når dei sende mjølka med rutebåten til meieriet i byen. Eg forstod det slik at pliktmannen måtte sjå til at mjølka kom heilt fram, frå båten til meieriet, og kanskje han også var med på innveginga? Plikta gjekk på omgang. - Eg er frå Espeland i Arna utanfor Bergen. Vi hadde ikkje gard, men der vi budde ei stund (Hauge/Borge) hadde vi gardar som grannar til alle sider. Ein nabogut, litt eldre enn meg, var ein tøffing som køyrde hest og vogn når det var deira tur til å køyre mjølka til det vesle innvegingsmeieriet i bygda. Eg vart med nokre gonger, kom inn i systemet med å køyre frå rampe til rampe, lempa spann etter beste evne, - før vi la ut på det lange strekket til meieriet på Haukeland. Vi hjelpte til med å tømme spann for spann opp i hylkjet på vekta. Meierska som heitte Else, skreiv opp vekta av kvar enkelt sending med krit på eit tavle. Mjølka vart sendt rundt i eit kjølesystem og kom rennande nedetter ein vegg med rør. På meieriet var det kaldt, og, ja, - det lukta kald mjølk.


Tilfeldige artiklar:

DSC_0042

Rydda råsa til Grøthaugen
(28.01.2013)

Det-hender-Kunstverksted-me

Kultur og Barn
(31.07.2007)

_IGP1430b

Fossholtinden - 1200m
(17.04.2008)

Placeholder for 404-bilder

Medlemskontigent Bondalen Frilynde Ungdomslag 2019
(07.02.2019)

DSC04348 (Large)

Årsethornet, 1084 m
(17.04.2007)

luke12

Julekalender: luke 12
(12.12.2006)

luke12

Julekalender 2009: Luke 12
(12.12.2009)

luke20_07

Julekalender 2007: luke 20
(20.12.2007)

251543_10150750400400302_177244455301_20240958_435

Ein litt uvanlig ferietur
(17.02.2012)

IMG_2524

Geiranger og Rauma i Hjørundfjorden.
(30.10.2007)

    • Logg inn
    • Ny brukar

Aktivitetskalender

Ingen aktivitetar i dag

Sjå heile kalenderen

Klikk for å sjå Hjørundfjorden LIVE (webkamera)

Hjørundfjorden LIVE

Nettstadskart/Sitemap Kontakt/Contact Informasjonskapslar / Cookies Rapporter feil

Hjørundfjordportalen 2006 - 2023