Til Ørsta  kommune                                                                                           
v/ordførar Hans Olav Myklebust

Rådhuset

6150 Ørsta                                                                 Sæbø 02.04.06

 

 

 

Helikopter og reklame

 

I styringsgruppa i bygdemobilsieringa for Hjørundfjorden er vi svært interesserte i at det vert skapt nye mulegheiter for næringsaktivitet i Hjørundfjorden. Vi er overtydde om at reiseliv er ei av næringsgreinene der mulegheitene er store. Skal vi lukkast i å få fleire reisande til Hjørundfjorden, er vi avhengige av god reklame.

 

Ei slik god reklame er film og bilete, og det gjennom desse å få presentert naturen og aktivitetar i naturen på ymse måtar. Vi er også overtydde om at også Ørsta kommune er samde med oss i dette.

 

Difor undrar det oss når vi les i Møre-Nytt laurdag 1.april d.å. at eit skiteam frå Austlandet fekk vanskar då dei bad Ørsta kommune om løyve til å filme skisportaktivitet frå helikopter. Dei fekk ikkje avslag, men slik vi forstår det, møtte dei eit vanskeleg byråkrati. Skifotografane fekk ikkje same vanskane i Stranda.

 

Vi skjønar at administrasjonen i Ørsta har eit sett regelverk å halde seg til. Det vi ikkje skjønar, er kvifor desse vert handsama annleis enn i andre kommunar, som Stranda.

 

Vi er dessutan sikre på at med den situasjonen Hjørundfjorden no er i, med stagnasjon og folketalsnedgang, må alle gode krefter slå seg saman for å snu nedgang til framgang og noko positivt. I styringsgruppa er vi i gang, og vi håper å ha Ørsta kommune som ein god og viktig medspelar.

 

Då må vi ikkje oppleve at dei som ynskjer å få marknadsført Hjørundfjorden opplever å møte eit stivbeint byråkrati, utan vilje og evne til å vere fleksible.

 

Med venleg helsing

 

Ivar Svein Mo

 

Hjørundfjord bygdemobilisering

Styringsgruppa – Leiar