Konstituerande møte i styringsgruppa for Hjørundfjord bygdeutvikling.
Møtet vart halde på Bondalen grendahus måndag 20.2.06.
Ivar Svein Mo er tidlegare valt som leiar i styringsgruppa av Hjørundfjord bondelag.
Desse vart valt på møtet:
Prosjektkoordinator: | Per Atle Røe |
---|---|
Skrivar: | Knut Hustad |
Arbeidsleiar for ”Hjørundfjordportalen”: | Rune Sæbønes |
Kasserar vert valt seinare
I styringsgruppa er det heile ni personar. Ein fann det difor naturleg at det også vart valt eit arbeidsutval.
Medlemmar i arbeidsutvalet er: |
---|
Ivar Svein Mo |
Per Atle Røe |
Bjarne Rekkedal |
Knut Hustad |
Kva for prosjekt er det viktigast å kome i gang med snarast råd? Styringsgruppa ser det som svært viktig at Sæbø sentrum vert prioritert og det viktigaste må vere å skaffe fram ledige tomter. Elles må arbeidsgruppa for Sæbø sentrum prioritere mellom dei mange gjeremåla som må til for å auke trivselen på Sæbø.
Arbeidsgruppa for Sæbø sentrum: |
---|
Kjell Otto Holen |
Irene Osvoll |
Linda Stokke |
Eldrid Øye |
Fleire medlemmar må til. Desse fire finn fram til aktuelle personar.
Styringsgruppa har allereie motteke søknadar om støtte Styret vedtok at det skal opprettast arbeidsgruppe for samdrifter/landbruk i Bondalen. Leiaren for denne gruppa skal vere Karl Asgeir Sæbønes.
Styringsgruppa har også motteke søknad om økonomisk støtte til forprosjekt om veg for Skårasalen v/Ivar Årsæter. Styringsgruppa er positive til at det vert utarbeidd planar for veg til Skårasalen, men arbeidsutvalet i styringsgruppa ynskjer først eit møte med dei som arbeider for veg på Skårasalen før endeleg standpunkt om økonomisk støtte vert teken.
Knut Hustad
skrivar
Kommentarar