Desse møtte: Ivar Svein Mo, Eldrid Øye, Linda Stokke, Irene Osvoll, Kjell Otto Holen, Rune Sæbønes, Per Atle Røe og Knut Hustad.
Sysselsetjingsoppgåva og økonomien generelt vart drøfta. Det kan sjå ut som vi har fått ein kasserar, Randi Nordang. I så fall vil Irene Osvoll og Per Atle Røe hjelpe henne i gang. Det kan i startfasen vere litt problem med å nytte excel rekneark på pc-en.
Småbåthamna.
Kjell Otto Holen orienterte om arbeidet som nemnda for Sæbø sentrum har gjort til no. Han kom spesielt inn på arbeidet med småbåthamna. Det kom fram at Nemnda som arbeider spesielt for småbåthamna, dvs. grunneigarar på Hustad, ynskte å få med seg ein representant oppnemnt av styringsgruppa. Dette også fordi det då kan vere lettare å få ut offentleg stønad til arbeidet på ca. kr. 100.000,-. Ivar Svein Mo har snakka med Knut Åmås. Knut Åmås vert styringsgruppa sin representant i Nemnda som arbeider for småbåthamn på Sæbø.
Hjørundfjordportalen.
Arbeidsleiar Rune Sæbønes orienterte om arbeidet som er gjort til no. I samarbeid med dei to som i dag i hovudsak arbeider med portalen, Håkon og Tor Eirik Trandal, har Rune Sæbønes knytt til seg ytterlegare to kompetente personar, m.a. Kjell Johan Aarseth, for å gjere portalen lettare tilgjengeleg for folk flest. Styringsgruppa sluttar seg til det arbeidet som er gjort og planane som er lagt. M.a. er det planar om å laga t-skjorter med trykk for på denne måten å gjere hjorundfjord.no meir kjent.Det vart presentert og diskutert logo og skrivemåte for presentasjon av Hjørundfjorden. Styringsgruppa meiner at det er viktig at både trøye og trykk vert av god kvalitet.
Styringsgruppa vedtok også å forskottere kr. 10.000,- i honorar til Håkon og Tor Eirik Trandal for arbeidet dei har gjort med Hjørundfjordportalen.
Guidekurs/naturloskurs.
Styret vedtok å arrangere eit kurs som nemnt. Ivar Svein Mo tek kontakt med Hotell Sagafjord for evt. samarbeid.
Knut Hustad
Kommentarar