Mobildekninga har vore eit problem heilt frå Telenor stengde av 450-nettet sitt. Masta på Nes på Trandal sørger for at dette har endra seg. Masta har fri sikt til størsteparten av fjorden og vert nok motteke med stor glede frå fastbuande og folk som kjem sjøvegen.

Masta på Nes har kome opp i samband med utbyggjinga av Trandal Kraftverk og er ein del av breidbandsutbyggjinga Tussa treng for å kunne styre kraftverket på Trandal.