(Artikkel henta frå Møre-Nytt Laurdag 18.03.06, foto frå MRF sine heimesider . Biletet er teke av Harald. M Valderhaug)

- Då kan turistar og andre få med seg naturen under overfarta, fortel seksjonsleiar Idar Myklebust i Fjord1 MRF.

Det har vore eit ynskjemål frå Hjørundfjorden om å få ei sommarferje med salong over dekk. Nettopp for at turistar kan sitje inne og få med seg naturen. Til no har alternativet vore å stå på dekk, og det er ikkje alltid sommarane er slik at det er ver godt nok til å vere utandørs under overfarta.

Det er i månadane juni, juli og august Kvernes skal trafikkere Hjørundfjorden.

Ferja vil også gje ein mindre kapasitetsauke. I si tid vart ferja bygd for 40 bilar, men med større bilar og andre føresegner er talet noko mindre enn det.

Det som tidlegare har vore ankerpunktet mot ei slik ferje på Hjørundfjorden, er kapasiteten til sjølve ferjekaiene.

- Dette har vi sjekka ut, og det var berre på Skår at vi fann det noko utfordrande. Men vi skal få det til der også, seier Myklebust.

 

 

mf.kverness_1206
(Trykk på bilete for stor versjon)