(Klikk på bileta for stor versjon)
Den erfarne skipperen på Hjørundfjorden har vore i sine heimtrakter i Hordaland og handla ny skyssbåt til Hjørundfjorden. Valet fall på ”Partus”, tidlegare ambulansebåt i Sunde i Sunnhordaland. Han har etablert selskapet Hjørundfjord fjordservice AS og båten skal naturlegvis omdøypast til ”Hjørundfjord” så snart som dåps papira er i orden. Båten er bygd i 1983 ved Brødrene Aa i Hyen og er tett på 15 meter lang og blir driven av to motorer på 500 hestekrefter kvar. Desse sikrar båten ei marsjfart på 25 knop, med ei toppfart på 28-29 knop, same farta som ”Rødhette”. Båten er videre til samanlikning 1 meter kortare enn skyssbåten ”Rødhette”, men har meir motorkraft. ”Rødhette” har plass til 44 passajerar mot 39 på ”Hjørundfjord” Begge båtane er produsert ved Brødrene Aa .Den tidlegare ambulansebåten har dører på båe sider som tilfredstiller krava for å kunne frakte ei båre og å ta imot rullestolbrukarar. Investeringa som er gjordt her er ca.2 millionar kroner og ein del trafikk på fjorden må til for at dette skal verte levebrødet for Oddvar dei neste 5 åra.
Båten skal være i drift frå 1.april og brukarane får tilgong til ein tilsvarande båt som den tidlegare skyssbåten, som folk langs fjorden kjenner som ein trygg og god sjøbåt. Utanom Ørsta kommune som fast kjøpar av tenestene til Hjørundfjord fjordservice AS, satser rederiet på cruisetrafikk på fjorden og aktørar som kraftselskapet Tussa, Sagafjord hotell Sæbø, Christian Gaard Trandal, Hotell Union på Øye,Rekkedal Gjestehus Bondalen, Bygdefolket, bank, dokter og prest, må ein tru vil helse dette skysstilbodet velkomen, og verte til saman ein storforbrukar av båten. Ved valet av ein lokal reder kan brukarane finne båten i fjorden mesteparten av tida, i motsetning av kva ein kunne forvente viss ein aktør utanfor fjorden hadde fått tilslaget på skyssbåttenesta.
Det vil verte oppretta arbeidsgrupper i bygdeutviklinga som skal arbeide for å skaffe gode tilbod til tilreisande så båten kan få auka oppdrag til sumaren.Oddvar er ein utmerka guide og greier dei fleste oppdraga sjølv, men her kan ei utdanning av guider hjelpe til med eit betre tilbod for Oddvar, vi tenkjer då på guider som behersker fleire kjende språk.
Vi håper at folk nyttar seg av det nye tilbodet så det nye rederiet kan ha nok oppdrag og få til ei positiv utvikling framover. Ein sikker partner som skal hjelpe rederiet er www.hjorundfjord.no der båten skal få stor oppmerksomheit og god presentasjon av sine tilbod på Hjørundfjord portalen.
Styringsgruppa i Hjørundfjord
Ivar Svein Mo - leiar
Kommentarar