Trykk på bilda for å sjå stor versjon

Hamna er lagt i ei naturleg vik på indre-Trandal som skal skytast ytterlegare ut innover i fjellet. Massene frå sprenginga skal leggast i ein molo slik at ein får nytta plassen mest mogeleg. Ved hamna skal det også byggast eit sanitæranlegg for gjestane. K.A Aurstad har ansvaret for anleggsarbeidet.

chr_hamn2Når Cruise Service AS startar rutebåten på fjorden får også denne med den nye hamna ein trygg plass å leggje til land for å ta på og av passasjerar.

I den vêrharde Hjørundfjorden er det vanskeleg og utrygt å ha båtane liggandes på flytebrygger, då bølgjer og grovt vêr øydelegg både bryggene og båtane som er fortøyd i dei. Frank Storeide har fleire øydelagde flytebrygger liggande på land som eit bevis på dette.

Med den nye hamna vert det endringar på dette. Då kan gjestane trygt besøke Christian Gaard utan å bekymre seg for båtane sine. Frank håpar på å få hamna delvis ferdig til påsketider.

Foto: Odd-Kåre Naustenget