Ørsta Bondelag
Follestaddalen Bondelag
Skjåstaddalen Bondelag
Hjørundfjord Bondelag
Møre og Romsdal Bondelag


Landbrukskontoret i Ørsta

 

”Framtida for landbruket på Sunnmøre !”
-
Regionale, nasjonale og internasjonale rammevilkår

Tysdag 21. februar 2006 kl 10.30 på Ørsta Kulturhus 

Vi inviterer med dette alle interesserte til årets viktigaste landbrukspolitiske møte
 i regionen på  Ørsta Kulturhus Tysdag 21. februar 2006.

Påmelding til Ørsta Kommune - Landbrukskontoret tlf.70 04 96 10 innan
fredag 17.februar.

For å dekke delar av kostnadane våre må vi ta ei deltakaravgift på kr.100,- pr.person.

Bakgrunnen for arrangementet er at det er svært mange bruk på Sunnmøre som har vorte lagt ned dei siste åra. Strukturrasjonaliseringa går svært fort. For nokre er samdrift ei løysing for å berge produksjonen på bruka, men ikkje for andre. Snart er det att berre eit til to store samdrifter igjen i kvar grend, med dei ulemper det medfører. Er det slik vi vil ha det, og har enkeltbruka noko framtid? Korleis kan vi få ungdomen til å velje jordbruket som yrke , og kva mogelegheiter kan vi gje dei og andre som framleis vil vere bønder på Sunnmøre? Jordbruket treng langsiktige rammevilkår!
Kva slag rammevilkår kan vi vente oss, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Program:

10.30 - 10.35 Opning
v/ Bjarne Rekkedal
10.35 - 10.45 Landbruket på Sunnmøre i 2006
v/Landbrukssjef Olav Klokk
10.45 - 11.05 Regionale utfordringa og rammevilkår
v/ landbruksdir. Ole Syltebø. 
11.05 - 11.35 Regjeringa sitt mål for landbruket på Sunnmøre, rammevilkår, strategiar og verkemiddel.
v/ statssekretær Ola T. Heggem i Landbruks-og Matdepartementet
11.35 - 12.05 Enkeltbruk kontra fellesdrift, kva ynskjer Bondelaget og kva rammer kan vi vente oss?
v/ leiar i Noregs Bondelag Bjarne Undheim
12.05 - 12.25 Landbruket sine mogelegheiter i framtida sett frå Sparebanken Volda/Ørsta  sin synsstad.
v/ Banksjef Per Kristian Langlo
12.25 - 13.10 Matykt
13.10 - 13.15 Kulturelt innslag.
13.15-13.25

Korleis kan eg overleve som bonde?
v/ Kari Redse Håskjold

13.25 - 15.25 Paneldebatt
15.25 - 15.30 Avslutning, oppsummering
v/ leiar i Ørsta Bondelag, Geir Hole

 

Ørsta Bondelag
Geir Hole
Leiar 

Hjørundfjord Bondelag
Bjarne Rekkedal
Leiar
Follestaddal Bondelag
Jon Steinar Øye
Leiar
Sjåstaddalen Bondelag
Bruno Viddal
Leiar
Landbrukskontoret i Ørsta
Olav Klokk
Landbrukssjef 
Sparebanken Volda Ørsta
Per Kristian Langlo
Banksjef
Møre og Romsdal Bondelag
Arne Magnus Aasen
Leiar