Ørsta Bondelag |
|
”Framtida for landbruket på Sunnmøre !”
- Regionale, nasjonale og internasjonale rammevilkår
Tysdag 21. februar 2006 kl 10.30 på Ørsta Kulturhus
Vi inviterer med dette alle interesserte til årets viktigaste landbrukspolitiske møte
i regionen på Ørsta Kulturhus Tysdag 21. februar 2006.
Påmelding til Ørsta Kommune - Landbrukskontoret tlf.70 04 96 10 innan
fredag 17.februar.
For å dekke delar av kostnadane våre må vi ta ei deltakaravgift på kr.100,- pr.person.
Bakgrunnen for arrangementet er at det er svært mange bruk på Sunnmøre som har vorte lagt ned dei siste åra. Strukturrasjonaliseringa går svært fort. For nokre er samdrift ei løysing for å berge produksjonen på bruka, men ikkje for andre. Snart er det att berre eit til to store samdrifter igjen i kvar grend, med dei ulemper det medfører. Er det slik vi vil ha det, og har enkeltbruka noko framtid? Korleis kan vi få ungdomen til å velje jordbruket som yrke , og kva mogelegheiter kan vi gje dei og andre som framleis vil vere bønder på Sunnmøre? Jordbruket treng langsiktige rammevilkår!
Kva slag rammevilkår kan vi vente oss, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Program:
10.30 - 10.35 | Opning v/ Bjarne Rekkedal |
---|---|
10.35 - 10.45 | Landbruket på Sunnmøre i 2006 v/Landbrukssjef Olav Klokk |
10.45 - 11.05 | Regionale utfordringa og rammevilkår v/ landbruksdir. Ole Syltebø. |
11.05 - 11.35 | Regjeringa sitt mål for landbruket på Sunnmøre, rammevilkår, strategiar og verkemiddel. v/ statssekretær Ola T. Heggem i Landbruks-og Matdepartementet |
11.35 - 12.05 | Enkeltbruk kontra fellesdrift, kva ynskjer Bondelaget og kva rammer kan vi vente oss? v/ leiar i Noregs Bondelag Bjarne Undheim |
12.05 - 12.25 | Landbruket sine mogelegheiter i framtida sett frå Sparebanken Volda/Ørsta sin synsstad. v/ Banksjef Per Kristian Langlo |
12.25 - 13.10 | Matykt |
13.10 - 13.15 | Kulturelt innslag. |
13.15-13.25 | Korleis kan eg overleve som bonde? |
13.25 - 15.25 | Paneldebatt |
15.25 - 15.30 | Avslutning, oppsummering v/ leiar i Ørsta Bondelag, Geir Hole |
Ørsta Bondelag | Hjørundfjord Bondelag Bjarne Rekkedal Leiar |
Follestaddal Bondelag Jon Steinar Øye Leiar | Sjåstaddalen Bondelag Bruno Viddal Leiar |
Landbrukskontoret i Ørsta Olav Klokk Landbrukssjef | Sparebanken Volda Ørsta Per Kristian Langlo Banksjef |
Møre og Romsdal Bondelag Arne Magnus Aasen Leiar |
Kommentarar