aarskrift27_212Denne gongen er det småindustrien som er hovudtema i årsskriftet.Rundt om i bygdene var det mange handverkarar som starta opp med småindustri.

Nokre få dreiv relativt stort og sikra arbeidsplassar til fleire, andre skaffa seg sjølv ei inntekt til å føde ein familie. Nokre trong ei biinntekt å skøyte på ein liten gard for såleis å skaffe seg eit levebrød. Det viste seg raskt at vi her har ei stoffmengde som gjer det umogleg å få med alt i eitt tidsskrift.

Fleire artiklar om temaet ligg derfor ferdiggjorde på vent til neste årsskrift. To andre tema var det også naturleg å gje ei meir omfattande dekning dette året. Unionsoppløysinga i 1905 og Hjørundfjord kyrkje sitt
125-årsjubileum i 2005.

Vil du kjøpe årsskriftet så skriv til Hjørundfjord sogelag v/Jarle Walseth, 6165 Sæbø, eller send e - post til: jarle.walseth[krøllalfa]tussa.com.

Årsskrift 27 er på 262 sider og prisen er 150 kr.