Området i Trandaldalen der arbeidarane held på ligg på rundt 500 moh og burde på denne tida hatt over halvmeteren med snø. Slik er høva likevel ikkje. På grunn av ein mild og våt haust har det meste av snøen som har prøvd å leggje seg, måtte retrettere til høgareliggande strøk og Aurstad-karane har fått noko ekstra tid til å ferdigstelle inntaksdammen og røra ned til kraftverket.
Kraftverksutbyggjinga på Trandal
K.A Aurstad held i desse dagar på med ferdigstelling av inntaksdammen i Trandaldalen. Snøen har allereide lagt seg, og det er svært hektiske tider for arbeidarane. Trandaldalen er ikkje heilt ufarleg då det gjeng ein del fonner der, og snøen gjer det og vanskeleg å kome seg fram med dei tunge arbeidsmaskinene. Innstøyping av siste røyret skal skje denne veka.
Arbeidarane til K.A Aurstad og snikkarar jobbar no på spreng for å rekke å bli ferdige til snøen gjer det uråd å arbeide i Trandaldalen. Frå tidleg om morgonen til seint på kveld jobbar dei på spreng for å bli ferdige. Siste tida har også helgane vorte brukt. Ein har vore heldig med vêret hittil i år, sidan snøen enno ikkje har lagt seg skikkeleg, noko han brukar å gjer rimeleg tidleg.
Lagt inn av
Tor Eirik Trandal
28.11.2005 13:43
28.11.2005 13:43
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.