Knut Hustad
31.08.2007
Slik er det i dag
Javisst, vêret har ikkje vore det beste i Hjørundfjorden siste dagane, men i dag ser det slik ut....
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2007 » Ymse
Knut Hustad
31.08.2007
Javisst, vêret har ikkje vore det beste i Hjørundfjorden siste dagane, men i dag ser det slik ut....
Per Urke
30.08.2007
Vi ser tilbake på ei topp vellykka helg med godt oppmøte og god stemning, seier Torbjørn Urke. Vi hadde ikkje drøymt om slik oppslutning, men det gjekk fint, sjølv om det heldt hardt å få 350 under same tak....
Per Urke
30.08.2007
Hjørundfjord Sogelag og Kulturvernelaget avvikla si årlege kulturvandring til gardane på Stenes ved Norangsfjorden 19. august. 150 møtte og det vart trangt og triveleg...
Andrè Mo
29.08.2007
Et spørsmål. Viss vi no skulle ha lan i haustferien, kor mange daga kunne vi hatt et lan då? 2 - 3 dagar eller?
Kom med komentarar, sei ikkje at eg vil ha lan men kjekt å vite kor lenge de kan vare.
Bodil Skare
29.08.2007
Dette er ein liten presantasjon av Arbeiderpartiet sin representant frå Hjørundfjorden! Hei! eg heiter Bodil Skare , sambuar med Rolf Egil Riise, vi har fire born og bur i Simagarden på Rise.
Eg arbeider på Hjørundfjordheimen ,og er med i det meste av lag og organisasjonar i bygda.
Eg har vore med i politikken ei periode no, og har sagt ja til å stille ei periode til.
Det er svært viktig at vi har folk frå Hjørundfjorden som vil vere med i politikken, eg ser det er endel også nye som stiller til valg ,og eg vil oppmode Hjørundfjordingane til å fylle ut lista med slengarar for å få inn flest mulig Hjørundfjordingar.
Her er mine svar på spørsmåla som tidlegare vart lagde ut på portalen!
Kari Stokke
28.08.2007
Mandag morgon vakna vi til nysnø øvst på Stokkehornet. På ettermiddagen mata eg vedomnen og fann fram Ørnulf Hodne si bok "Folkelige værvarsler" for å sjå om der er lyspunkt i vente.
Knut Hustad
27.08.2007
No er det travle tider både for ku og bonde rundt om på gardane i Hjørundfjorden. Og kanskje har du ei kvige for mykje - eller manglar du ei? I så fall bør du lese meir...
Tonje Rem
27.08.2007
Nei til Kraftlinje gjennom Sogn og Sunnmøre
Gå inn å signer oppropet her!
Unn Frøland
26.08.2007
I morgon, mandag er det årsmøte i Ørsta Aktivum på Legene kl 2000. Alle lag og organisasjonar som kjem til å søke på midlar bør sende ein representant, då kvart lag har ei stemme uansett storleik. Om eg ikkje har misforstått, skal det avgjerast kor mykje som skal være direkte-støtte.
Eldbjørg &co har gjort ein god jobb fram til no, og det kan sjå ut som om alt er etter boka i motsetnad til forige årsmøte....
Knut Riise
26.08.2007
Det var ein viss båtførar som gjorde meg merksam på at ein daud fugl eller liknande, låg oppå marka mi nedanfor første ledet.
Eg gjorde meg ein tur for å indentifisere "fuglen". Og på avstand likna det ein stor måseunge. Men då eg gjekk heilt inntil, fekk eg ei overrasking.
Synnøve Mo
25.08.2007
Ivar Svein Mo heiter mannen og fyller 53 år i dag!
Bodil Skare
23.08.2007
Måndag 20 var måndagstrimmen atter ein gong på Hustadnestuva.
Godt frammøte,fin tempratur og god trim!
Helge Strand
22.08.2007
Endå litt mimring......
Unn Frøland
21.08.2007
I dag støytte eg på ein skapning eg ikkje har sett før. No har vi muligens kome fram til arten, men er det nokon av portalen sine lesarar som veit kva dette er?
Laila Sæbønes Olsen
21.08.2007
Hei alle sammen:)
Eg vil gjerne få minne om Tine Fotballskule på Legene som blir arrangert 31 august - 2 september. Vi saknar påmelding frå borna på Søbø...og vil gjerne at dei som er interessert tek kontakt med underteikna.
Skulen tek til fredag kl 1730, vi avsluttar søndag med grilling, sosialt samvær og utdeling av diplomar.
Alle born i alderen 6 år - 16 år er velkomne, A-laget til Åmdal stiller som instruktørar.
Leiar Alderbestemt Åmdal I.L
Laila Sæbønes Olsen
Aanon Aanonsen
19.08.2007
Er det noen som ønsker å være med på bading i varmtvannsbassenget på sjukehuset i Volda. Vi har ledig plass på onsdager mellom kl 17 og 18. Ta kontakt med undertegnede på tlf 90896868 hvis du er interressert.
Perry Bjørke
19.08.2007
Klygetun blir slettet då ikkje alle kan å skilje person og sak i debatter.
Helge Strand
18.08.2007
Minner frå 1974........
Andrè Mo
18.08.2007
Kva er sjansen for at sæbø kan få enda høgare internett hastigheit? Kanskje en plass mellom 5 og 10 mbs.
Kom med komentarar
Perry Bjørke
18.08.2007
Skilting av Tyssedalsråsa skal det bli slik at alle finn ho.
Nå er Olga ferdig med skilta som skal vise veien opp til Tyssedalen.
Montering av skilta kjem snart.
Vi har en del igjen å gjere på råsa.
Dette får vi ta etter kvart.
Vi har innhenta tillatelse til å parkere på Bruasletta.
Då kan man sette bilen igjen der på lovlig plass i fleire dager.
Vil skal gruse parkeringsplassen og bosdunk skal vi sette opp
ved rasteplassen/parkeringsplassen.
Perry Bjørke
16.08.2007
Her i hagen på Bjørke har larver spist opp alle blada på ripsbærtreda.
Det har spredd seg til mange tred men mest på ripstreda.
Eg kunne vist sprøyte men eg liker ikkje å bruke gift på mat.
Dei var mest ivrige på fuktige dager.
Då var det mange på kvart blad og eg så nesten frå time til time at blada forsvant.
Noko som veit kva slags larve dette er.
Kjem den igjen neste år skal tru.
Har ikkje bilde av larven med skal sjå om eg finn nokre.
Kanskje det har blitt sommerfugl eller noko sånt av dei nå.
Knut Riise
15.08.2007
I fjor aula det med langføttingar (myrstankelbein). I år er det den langt hyggelegare marihøna som sit i mengder på forhaustarfronten.
Helge Strand
15.08.2007
Tankar kring (kommunale) nasjonale laksevassdrag/fjordar.
Knut Hustad
14.08.2007
Dette året har laksefisket i Bondalselva vore det dårlegaste i manns minne. No er det på tide at elva vert stengd slik at i alle høve nokre få laksar kan få lov til å gyte....(Til høgre arkivfoto)
Per Urke
13.08.2007
I dag seier vi: Takk og pris at denne sætregrenda i Urkedalen vart berga! For 15-18 år sidan var alle sela i ferd med å falle saman..
Knut Riise
11.08.2007
Det har vore langt mellom harane nedst i dalen i nyare tid. Eg kan huske at det var eit harekull som heldt seg på Rise i 1969,då vi heldt på å bygge opp att, etter at Korsafonna raserte Rise året før.
I ein månads tid har det vore ein eller fleire ungharar i hagane på Rise att. Men dei, eller den, lever farleg!
Per Urke
11.08.2007
Neste helg, 18.- 19. august, er det Heimkome-helg på Urke. Vil du vite meir om programmet, sjå på plakaten!
Knut Riise
10.08.2007
Det har gått rykte om ei olm ku som har angripe fleire i Rognestøyldalen i sommar. Stor var overraskinga då det viste seg at eg var eigaren.
Knut Hustad
10.08.2007
Nei, dette motivet er ikkje frå Finnmark, men kanskje frå...
Per Urke
08.08.2007
Det går på slutten for Skårakjerringa!
Hjørundfjordportalen Administrator
08.08.2007
For eit års tid sidan kom ”Namnesamlingar av Ivar Aasen” med nyprenting av hefte som ikkje har vore råd i få tak i dei seinare åra.
Perry Bjørke
07.08.2007
Fiskebåten kjem ofte til Bjørke og ligg her.
Her er så fredelig seier dei.
Eg synest det også er hyggelig med en prat på kaia.
Bodil Skare
07.08.2007
Måndagstrimmen hadde Stokkehornet som mål denne gongen, og veret var heilt perfekt!
Vi var 13 som møtte opp , og valget var Klokkura eller Stokkehornet.
Per Atle Røe
07.08.2007
I Hjørundfjorden finst det mange mulegheiter for lokal matproduksjon som i dag ligg unytta. Tilliks med annan norsk tradisjon sender vi i dag frå oss råvarene lite foredla. Dei store samrørslene som på ingen måte skal sjåast som negative, har fjerne merksemda frå lokal foredling, det skjer no sentralt. Det som no er etterspurd frå leverandørane er ofte mest muleg, billegast muleg. Utkantane er taparane i dette jaget og vi som bur der, må sjå etter andre vegar til marknaden, til kundar som etterspør særpreg og andre kvalitetar enn låg pris. Ei mulegheit er lokal matproduksjon med lokal overlevering
Knut Hustad
06.08.2007
Dei første helleristningane i Alta vart oppdaga i 1973. I 1985 vart dei innlemma i UNESCO si kulturarvliste. Men kvifor vart dei ikkje oppdaga før - raude og fine som dei er? (Underteikna(t.h.) ved eit helleristningsfelt)
Per Atle Røe
06.08.2007
Ein tilårskomen gjeng på 15-20 stk vener/slekt har dei siste åra møttest til årleg fjelltur. Dei fire føregåande åra har treffet vore lagt til Jotunheimen der Falketind, Urdanostinden, Storebjørn og Høgvagltindane har vore fjellmålet i dei einskilde åra. I år var gjengen invitert til Ørsta. Kva var vel meir naturleg enn å legge aktivitetane til Hjørundfjorden med m.a. Skårasalen og strendene i Hjørundfjorden som mål for natur og kulturopplevingar.
Gaute M Holen
06.08.2007
Vi treng nokon som kan stå vakt på lan-party tysdag 10.00-12.00
Perry Bjørke
06.08.2007
Fiskerane møter opp på Bjørke sjølv om det finnes lite fisk å få på kroken.
Det sosiale ved å møtest ved elva og bålet er like viktig .
Per Urke
05.08.2007
Det er tempo over utbygginga av kraftverket på Urke.
Stopp opp og titt på planane...
Perry Bjørke
03.08.2007
Kvernhusvegen langs Vikeelva på Bjørke skulle ha våre rydda.
Nå skal både Naturfestivalen gå der og seinare Kulturminnedagen.
AnnHelene Wille
02.08.2007
Sommargjesten på sæbø er Anette Brøker fra Tyskland.Ho har med seg mannen Olav og dei to gutane Leon og Jannik
Per Urke
02.08.2007
Dette minner om tida då Hjørundfjordbåten - dvs. "Rauma" gjekk i rute på fjorden, tenkjer ein velvoksen hjørundfjording etter kvart som "Fjord Øye" i rutebåtfart går inn mot Leknes...
Perry Bjørke
02.08.2007
Naturfestivalen har mange arrangemang denne uka på Bjørke.
Følg med i avisa og på nettet.www.naturfestivalen.no
Følg med på Aktivitetskalenderen
Knut Hustad
02.08.2007
Skal vi sjå - eg greier vel ein fisk til?
Perry Bjørke
01.08.2007
Tussa sin symjehall på Bjørke er 20 år
Rart kor fort tiden går.
Perry Bjørke
01.08.2007
Folk møtte opp i Bakkedalen sjølv om det var vått i går.
Musikk og mat blei det på alle.
Takk til alle som hjelpte til så vi fekk arrangert denne dagen
i Bakkedalen.
Takk til kokkene og teltarbeiderene.
Nå heng telt og utstyr til Tørk.
Håper deltakerene også har fått tørre kle .
Astrid Hustadnes Wille
01.08.2007
Søndag tok eg meg ein fisketur på Hjørundfjorden for å prøve fiskelykka.
Målet var middag dagen derpå...og det klarte eg.