Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - April 2007 » Ymse

Attende til hovudsida

Artiklar frå April 2007 i Ymse

Rune Sæbønes

30.04.2007

Samlar på spegelbilete –

Eg samlar på spegelbilete. Ikkje av meg sjølv. Dei kan eg verte lei av, og så vert eg mint om alle feila eit menneske kan ha og kan gjere. Derimot samlar eg på spegelbilete der Hjørundfjorden er spegelen.

Les heile

[1 kommentar]

Hilde Muren

28.04.2007

Bamsemumskonkurranse

Mannskapet på skift 4 på ferga Folkestad utfordrar til Bamsemumskonkurranse. Det gjeld ikkje å likne ein bamsemums, men å ete flest mogleg på 1 minutt. Det ryktast at verdensrekorden er i Tide! Vi oppmodar Hjørundfjordingar til å trene, og rapportere førebels resultat på portalen.

PS - Bamsemumsen kjøpast sjølvsagt på Bellingen eller Slettedal.

Med helsing

Ole Johan Riise, Jostein Stavdal, Kjetil Følsvik, Kjell Arne Urkegjerde og Håkon Viddal.

Les heile

[3 kommentarar]

Hilde Muren

27.04.2007

Frå snømann til lambefødsel

Forrige fredag bygde barnehagen kjempesnømann, denne gongen vil vi fortelle om sikre vårteikn. Denne veka var vi på tur til Sæbøneset, og måtte sjølvsagt besøkje sauefjøsen til Ola og Lasse. Der er det allereie fullt av lam, og heldige vi fekk oppleve ein fødsel.

Les heile

Knut Hustad

26.04.2007

Smilefjes

- Er du oppdatert på smilefjes? Under finn du tips til nye symbol å krydre tekstmeldingane eller epostane dine med...

Les heile

[1 kommentar]

Perry Bjørke

25.04.2007

Bygda og Kulturlivet

Maktar Stat-Fylke og Kommunane å drive Kulturpolitikk?
Mange lovnader i vert fall men skal kulturen ha meir penger så må nok kulturen bli lovpålagd og ikkje berre nye lover og lovnader.
Kulturen og Kulturhusa er viktige å ha for ei levende bygd.

Les heile

[1 kommentar]

Kjell-Johan Aarseth

24.04.2007

Hotell Union på God Morgen Norge

Nok ein reportasje frå Hjørundfjorden på TV. I dagens sending på God Morgen Norge på TV2 var det god reklame for Hotell Union på Øye.

Les heile

Knut Hustad

23.04.2007

Hjørundfjordingen Per Atle Røe

- Er ikkje Per Atle Røe hjørundfjording? Neivel, men under kan du sjå ein del foto av denne mannen som har større kunnskap og kjærleik for Hjørundfjorden enn mange "ekte" hjørundfjordingar...

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

23.04.2007

Fjell og fonn. Kommentar.

Sist laurdag var eg med ei gruppe på åtte personar på Skårasalen. Takka vere ei anna gruppe måtte vi stå og vente i det området som var mest utsett for skred...

Les heile

[8 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

20.04.2007

"Et Rikere Norge" - Arnie Skiffle Joe

For ei tid tilbake (13.02.07) vart den kjende Hjørundfjordingen Arnie Skiffle Joe Norse (81) tildelt diplom av "Et Rikere Norge". Arnie har sykla på etthjulssykkel medan han har spela gitar, munnspel og sunge i ein mannsalder.

Arnie har også gitt ut 12 cd'ar/kassettar. Nokre av songane vart veldig populære, og førte til at han fekk både gull- og sølvplater.

Arnie jobbar på "Tranen" i Oslo, der han i fylgje kontrakta får spele til han døyr.

Kom over dette filmklippet på VG-TV (varer i 9 min og 22 sek)

Les heile

Håvard Myklebust

19.04.2007

Storhornet (1600 m.o.h)

Eit flott vèr dreg folket med seg ut. Ei gruppe svoltne skigåarar hadde Storhornet 1600 m.o.h, på Bjørke, som dagens mål(førre søndag). Målet var å gå opp Lauadalen, gjennom Blåbreskaret, til toppen, og deretter renne ned Tverrelvdalen og til Tyssedalen.

Les heile

[11 kommentarar]

Knut Arvid Uglebakken

18.04.2007

Flotte Fladalen

I mine øyne er Fladalen et fantastisk stykke natur som fortjener en hyllest.

Her kommer min!

Les heile

Fred Ingar Somby

18.04.2007

Langhornet - 1229m

Værebildet skifter fort på Sunnmøre. Turplanene ble satt ut i livet under sol og blå himmel, men mesteparten av turen foregikk i snødrev og frisk bris. Likevel, med masse tørrsnø blir det morro..

Les heile

[2 kommentarar]

Mari-Anne Bjørdal

18.04.2007

Handballgensarane

Handballdressane blir å få hente på klubbhuset i morgon, torsdag 19 april kl 16.00. Ta med pengar.
Vi fekk mykje skryt for dei fine gensarane i Trondheim!

Les heile

Fred Ingar Somby

17.04.2007

Klovtinden - 1274m

Jeg våknet til striregn i dag tidlig - pokker, drittvær igjen. Men da jeg så temperaturen ble jeg lysere til sinns. Jeg fant ut at det måtte snø fra 350-400moh...

Les heile

[1 kommentar]

Hjørundfjordportalen Administrator

17.04.2007

Med friskt mot

Vi har fått løyve av Hjørundfjordingen og redaktør Reidar Skarbø å legge ut leiaren frå Nytt i Uka onsdag 11.april.

Bilete til høgre ser du Reidar Skarbø på heimegarden Skarbøen, yst i Hjørundfjorden, der han fortel om garden på kulturvandringa den 20.8.06. Dette var ein fantastisk dag og det er ein utruleg fin plass i Hjørundfjorden.

Les heile

[1 kommentar]

Sølvi Britt Skylstad

17.04.2007

GANGE- ROLV

26 MAI 1908
GANGE ROLV.
Datoen står der, meisla inn på den store steinen rett før Lygnstøylvatnet. Gange-Rolv heiter han. Steinen. Ein stein med namn. Han imponerar stort . Tenke seg til å rulle ned og ende i ein slik utruleg posisjon midt i eit drønnande steinskred!

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

17.04.2007

Årsethornet, 1084 m

Årsethornet har ikkje ord på seg for å vere det mest spennande fjellet ein kan gå på ski til. Fred Ingar (Somby) bestemte seg for å gjere noko med det...

Les heile

[4 kommentarar]

Hilde Muren

13.04.2007

Vårteikn

Nokre av barna i barnehagen var på tur langs vegen til Sæbøneset i dag. Der fant dei fleire vårteikn, mellom anna vårens første kvitveis.

Les heile

[2 kommentarar]

Hjørundfjord bygdemobilisering

12.04.2007

420 KV. linje langs Hjørundfjorden

Den komande 420kv kraftlinja som er planlagt over Hjørundfjorden vert eit miljøproblem for bygdene langs fjorden. Linja vil gå 10km langs fjorden etter kryssing og Ytre Standal(LisjeStandal)vil verte ein av dei verst råka.Vi har fått tilsendt denne artikkelen frå Kirsti Øye Driveklepp frå Follestaddalen.Follestaddalen vert også sterkt råka av kraftlinja og Øye meiner her må ei skikkeleg folkerøyrsle til mot luftspennet. Kravet er at den vert lagt i jordkabel.

Bilete til høgre er frå Ytre Standal.

Les heile

[13 kommentarar]

Håvard Myklebust

08.04.2007

Veg over Bondalsbakken?

Tidlegare skreiv eg ein artikkel om ferje frå Viddal, eit håp for turistnæringa på Sunnmøre. Men ettersom det ikkje gjekk ann å sette ei ferje i drift, mellom t.d Viddal-Lekneset eller Viddal-Magerholm i følge Tom Tøsse i 62gradernord, tenkte eg at det må då finst andre måtar å få turistane til å halde seg ved Hjørundfjorden.

Les heile

[9 kommentarar]

Knut Riise

07.04.2007

Lodalskåpa (2083m.o.h.)

Heilt frå 1962, då eg for første gong var på Skårasalen på ski, så peikte dei og sa at sjå der er Lodalskåpa og Jostedalsbreden.
Eg kan ikkje hugse om eg greidde å sjå den då, men seinare har eg sett Lodalskåpå eit utal av gongar, langt vekk, oftast med ein skoddekrans ikring.
Eg har saktens tenkt at dit må eg ein gong, men det er ikkje så lett å få til meir enn dagsturar for den som har gard og husdyr.
Men har ein nok lyst så går det. Og i juli i 2003 vart det bestemt at no eller aldri.
Lars Petter organiserte, og så reiste vi nokre kameratar ein laurdag innover mot Loen og Bødalsetra.

Les heile

[3 kommentarar]

Lovise Mo

07.04.2007

Helsing i frå Polen

Kan ikkje legge inn nyhende om det som skjer i hjørundfjorden i påska, men eg kan godt fortelje litt om det som skjer i Polen. Her har vi sol og varme dagar, 2 av 14 dagar har vore delvis overskya, kald vind, men varm sol. Og påska feirast her også.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

06.04.2007

Skattejakt - foto

Her kjem fleire foto frå Sæbø IL, fotballgruppa, si skattejakt. Vi startar med ein quiz - kven er det vi ser på foto til høgre?

Les heile

[5 kommentarar]

Ivar Svein Mo

03.04.2007

Fototips i påska

Hjørundfordportalen har vore berika med ein svært god biletekvalitet på bileta som brukarane sjølv har teke, og som mange har merka seg....

Les heile

Knut Riise

02.04.2007

Strålande palmehelg!

Etter å ha studert alle tilgjengelege vermeldingar var det aldri tvil om at laurdag måtte det verte skidag. Det angrar vi ikkje på i dag då meldingane for resten av påska innbyr til rekneskapsavslutning, for min del.
Vi satsa på den årlege turen med overgang frå Kvanndalen til Risestøylen, med besøk på Solskinshatten (Lissjetinden).

Les heile

[1 kommentar]

Mari-Anne Bjørdal

01.04.2007

Handballgruppa med ny flaskeinnsamling.

Handballgruppa på Sæbø kjem rett over påske med ny flaskeinnsamling. Inntekta denne gang går til å dekke eindel av reiseutgiftene til Shell-cup og Nannestad-cup for spelarane våre. Vi håpar på god like god oppslutning blant bygdefolket som ved tidlegare innsamlingar.

Les heile

Rune Sæbønes

01.04.2007

Dalagubben 1344 - i 1939

Det var før det heitte ekstremsport. Det var før ein kunne velje skitype og bindingstype. Likevel gjekk folk til topps på ski også då. Slik ein kameratgjeng gjorde i 1939 - til Dalagubben øvst i Skondalen.

Les heile

[9 kommentarar]