Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Januar 2007 » Ymse

Attende til hovudsida

Artiklar frå Januar 2007 i Ymse

Enok Kippersund

31.01.2007

Sentrumsuget

I distriktsradioen var det nett ein diskusjon: Bør høgskulane samle seg i ein skule på ein stad? Det blir for hardt å konkurrere om studentane, og det er vanskeleg å halde oppe det faglege nivået og miljøet ved ein liten høgskule. Samle seg = slå skulane i hop til ein skule på ein og same stad. Kvar? Og så vart det nemnt at ein bør jobbe for at også vårt fylke får sitt eige universitet

Det er ikkje meir enn knapt 40 år sidan det heitte DISTRIKTShøgskule og skulane skulle kome som ein ressurs til distriktet der det no skulle satsast! DH. de-hå!

Les heile

[2 kommentarar]

Helge Strand

30.01.2007

Lakseaksjon.oppdatering.

På protestlister eg har har lagt ut på Sæbø har førebels fleire enn 160 skrive under.
Eg er glad over å sjå at så mange unge er blant desse.
Saman med talet på protesterande her på portalen nærmar talet seg raskt 450 som til no støttar aksjonen med si underskrift.
Eg har i dag sendt lister til sportsforretningane i Ørsta/Volda, m.fl.
Avdi aksjonen langsamt femner regional interesse, vil lister verte lagde ut både i Ålesund og i andre kommuner på Sunnmøre. Her er det mange Hjørundfjordvener!

Les heile

[8 kommentarar]

Siw Lillebø

28.01.2007

Årets første snømann på Solstrand

I regnveret i dag har vi laga årets første snømann. Det er heilt super snø å bygge i så vi oppfordrar alle andre om å gå ut i snøen å bygge. Det er ikkje noko som heiter dårleg ver, men dårlege klær.

Les heile

[4 kommentarar]

Sverre Magnus Myrtveit

27.01.2007

Sigemonn og tolmod

Lafting kan være en nyttig og kjekk hobby. Teknikken er enkel å forstå når en har laftet sitt første omfar.( En firkant bestående av de første stokkene.) Deretter går det av seg selv.

Les heile

[4 kommentarar]

Dagfinn Strand

26.01.2007

Portalbilete. Laksaksjon

Eg synest at logoen får protestakjonen mot laksoppdrett i
fjorden bør no verte lagt på framsida til venstre slik at folk straks ser han.Dette er vel ein aksjon i regi av Mobilisering
for Hjørundforden? Ein aksjon som er i startfasa og som
er viktig at folk heile tida er merksame på.

Les heile

[2 kommentarar]

Ivar Svein Mo

25.01.2007

Undervegsrapport 2006

Hjørundfjorden bygdemoblisering har lagt ut under fana til bygdeutvikling, ei ny oppdatering på undervegsrapporten.

Les heile

Unn Frøland

25.01.2007

No må vi huske dei små

No har det vore kaldt nokre dagar, og snøen har lava ned. Har hørt det var temperaturar ned i 16.17`C i Bondalen. Dette har sikkert vore ein brå overgang for små-fuglane.

Les heile

[3 kommentarar]

Hjørundfjordportalen Administrator

20.01.2007

Tema Slagord

Det er så trivelg å av og til koma inn på portalen å sjå alt det positive som er i emning der oppe no.

Les heile

Knut Hustad

20.01.2007

Dukhornet - 1412 meter

- For mykje arkivstoff på portalen. Blir du med på Dukhornet, frå Finnes, på fredag? Slik lydde e-posten som Fred Ingar (Somby) sende meg frå Nordsjøen for nokre dagar sidan. I dag vart målet nådd... Fred Ingar til høgre.

Les heile

[11 kommentarar]

Enok Kippersund

17.01.2007

OL

Etter eit OL i Lillehammer, som vart særs vellukka, skulle det vel ikkje vere så heilt ulogisk å satse på Tromsø denne gongen? Eg meiner, viss OL-komiteen vil tenkje kvalitet og særpreg? Olympisk distriktspolitikk!

Les heile

[5 kommentarar]

Alf Ole Aarseth

16.01.2007

Årsetsetra og den vakre fiskestonga

Kvistaddalen er ein vakker dal, og Årsetsetra er ei perle. For ein utflytta bondaling busett på austlandet er det spesielt godt å kome på heimlege trakter, og finne den spesielle roa i kropp og sjel inne på Årsetsetra ! I juli 1990 skreiv eg historia om den vakre fiskestonga i hytteboka i Kvieselet. Tenkte eg skulle dele denne historia med dykk på portalen. Denne historia syner at eg var forelska, forelska i ei jente, men også forelska i den vakre naturen i Hjørundfjord !

Les heile

[6 kommentarar]

Marit Riise Olsen

14.01.2007

Tilbakeblikk -2006

1 april 2006 tok MS HJørundfjord over drifta av skyssbåttenestane i Hjørundfjord. Det har vore eit spanande år med mange oppdrag, men også utfordringar. Legg no ut eit tilbakeblikk over året som var.

Les heile

[3 kommentarar]

Enok Kippersund

13.01.2007

Også Viddal kan få ... viss

I Møre-Nytt i dag, laurdag 13.januar 2007, står det at " - Også Viddal kan få breiband". Om vi ein augneblink tenkjer på at Viddal har då tidlegare fått både straum og telefon, så skjønar vi at no gjeld andre vilkår. Administrerande direktør Ivar Driveklepp, som svarer heilt korrekt og slik han har plikt til å svare, og som ikkje skal klandrast, seier: "Om dei fleste husstandane på Viddal ynskjer breiband, bør vi kunne få til ei løysing."

Les heile

[5 kommentarar]

Sigmund Årseth

12.01.2007

Litt sein nyårs helsing

Gode Hjørundfjordingar,Godt Nytt År, om enn litt seint ute.

Eg har merka meg med glede alle dei positive og framtidsretta ting som hende i fjorden i året som var, og at eg anar ein optimisme som ikkje har vore slik til stades, sidan eg flytte ut for ein liten mannsalder sidan.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Riise

11.01.2007

Lang setretur

Mange gongar sat eg i solveggen på Risestøylen og såg opp i ryggen frå Grøthornet og mot Lissjetinden,eller Solskinshatten som Sledals-Karl kalla den,og tenkte korleis ein kunne få ein fin skitur som enda på setra.
Eg gjekk til slutt inn på Rognestøylen og kika på nedkøyring til Heimste Tveradalen. Og fann ut at om ein heldt god høgde under Solskinshatten, så var det ingen fare for å hamne ned i hamrane.
Så fekk eg ein søndag med meg nokre karar og gjekk ruta.. Etter det har eg årvisst teke turen, som er lett og fin.
Og i 2001 var eg guide for ein gjeng ungdommar. Og eg hadde som ein av dei første i dalen skaffa meg digitalkamera.

Les heile

[5 kommentarar]

Unn Frøland

11.01.2007

Tiltak mot attgroing

I Møre-nytt tysdag stod der ein artikkel om "Geita i fokus". Sidan vi snart ikkje ser skogen for berre tre i heile kommunen, kan det nok bli aktuelt å bruke geiter/kje som landskapspleiarar også i Bondalen, eg meinar å ha høyrt det skal være eit forbod mot det i dalen...

Les heile

[3 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

10.01.2007

Brukarnamn/passord

Enkelte ser ut til å ha motteke ein e-post der aktiveringskoda for brukarkontoen er manglande. Grunnen til dette er ukjend, men det kan ha noko med at enkelte epost-kontoar ikkje støttar HTML visning.

Dei som har registrert seg og ikkje får aktivert brukarkontoen sin eller ikkje får logga inn oppmodast om å ta kontakt med meg, Tor Eirik, slik at eg får rydda opp i dette.

Les heile

Helge Strand

09.01.2007

Protestaksjon mot lakseoppdrett i Hjørundfjorden

Hjørundfjorden må vere oppdrettfri sone. Bli med på aksjonen mot lakseoppdrett i Hjørundfjorden. Med å klikke på les meir, får du meir informasjon om aksjonen.

NB! Etter artikkelen kan de via link gå direkte til Ørsta kommune og protestere med bruk av ein ferdig skrive protest. Eller legge inn ein kommentar sjølve.

MERK DYKK!
Ei e-mail adresse kan nyttast av fleire personar berre de nyttar namnet dykkar. Alle vil verte registrerte som "protesterande."
Greitt å vite i familiar t.d med mange personar og berre ei e-mail adresse!

Les heile

[27 kommentarar]

AnnHelene Wille

08.01.2007

STRIKKEKAFE

ONSDAG 10.01 KL 19.00 ONPNAR VI STRIKKEKAFEEN IGJEN.Vi håper mange nye vil møte opp du treng ikkje ha med handarbeid, dette skal vere ein plass alle aldersgruppe kan møtast for og snakke,evt lære av kvarandre,utveksle ideear ,ta turen for og sjå om du trivst ilag med oss. vi har hatt kjempe oppmøte før jul og vonar på at dette forsett framover.Vi opnar dørene kl 19.00 men du kan kome når det passar. vi kokar kaffi og har litt og bite i. vi fyrer i peisen og har det rett trivligt.praten går lett og tida fort så rundt 22.30 stenger vi dørene.Oppmoder dei som har laga mykje før jul om og ta med seg arbeidet så vi andre kan få sjå(vert kanskje innspirert til og lage noko) VELKOMEN!!

Les heile

Rune Sæbønes

06.01.2007

Hjørundfjord-brosjyre treng slagord

I samarbeid med Sparebank1 Volda Ørsta er Hjørundfjorden bygdemobilisering i ferd med å utarbeide ein turistbrosjyre for Hjørundfjorden. No treng arbeidsgruppa bak brosjyren publikum si hjelp. Det må skapast eit slagord, og også svært gode bilete av aktivitet.

Les heile

[72 kommentarar]

Tor Eirik Trandal

06.01.2007

Toppbiletet må byttast snart

Nokon som føler seg kalla til å lage til ny grafikk/bilde på toppen av portalen?

Krav til grafikken/bildet er at den må være minst 1024 pikslar breid og 150 pikslar høg. Om du ikkje vil legge på teksta "Hjørundfjordportalen" så kan eg gjere det.

Send biletet til meg på mail. Adressa finn du under "kontaktpersonar" på framsida.

Les heile

[7 kommentarar]

AnnHelene Wille

04.01.2007

Flott julefest

Eit lite tilbakeblikk på ein flott julefest 28.12 på sæbø bedehus.Tradisjonsrik julefest med rundt 100 pers unge og eldre samla. Vi fekk høyre born frå bygda, sang gamle og kjære julesanger. Hjørundfjordkvintetten fylte salen med mektige flotte sanger.Sist men ikkje minst var Paul kristian Hovden og snakka til oss alle, på ein enkel og fin måte, som var lett og forstå enten vi var unge eller eldre!! så gjekk vi rundt juletredet,og til slutt dukka det opp to nissa fra olavsdalen som delte ut litt av kvart. kristina kvistad Hustad leidde oss supert igjennom heile festen, STOR TAKK !! tilslutt var bordet dekka med mykje god kaker ikjelleren,men til neste år skal vi dekke til fleire oppe, slik at alle skal få sitte. Takk til alle som stilte opp for og gjere denne festen til ein vellykka kveld . GODT NYTTÅR!

Les heile

Rune Sæbønes

04.01.2007

Flaskeinnsamling

Vent med julepanten. Måndag og tysdag kjem representantar frå handballgrupa i Sæbø IL på døra, og ordnar saka.

Les heile

Guttorm Hagen

02.01.2007

GODT ÅR!

Som lensmann i Ørsta ynskjer eg alle i Hjørundfjorden godt år! Hjørundfjordportalen vitnar om positivt engasjement og vilje til dugnad. Hjørundfjordportalen er eit godt tiltak!

Politiet var i Bondalen i romjula. Det er igjen ro i området, og dei involverte kan kome seg vidare.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Mo

01.01.2007

Fyrverkeri på Sæbø

På nyttårsafta plasserte eg meg (Lovise Mo) på hustadneset med kamera og stativ for å få den beste oversikta over fyrverkeria og rakettane på sæbø og bondalen. Vanskeleg var det, men noko fekk eg då ut av det.

Les heile

[12 kommentarar]