Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juli 2006 » Ymse

Attende til hovudsida

Artiklar frå Juli 2006 i Ymse

Kristina Kvistad Hustad

30.07.2006

Sæbø by night.

Klokka hadde passert midnatt, og frå stova kunne eg høyre Danseband Jukebox.
Ute var det klart og vindstille. Temperaturen var det heller ikkje noko å seie på. Eg bestemde meg for å ta meg ein tur ut. Kameraet hang på knaggen der det alltid heng. Eg treiv det med meg, og lista meg stille ut døra.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

29.07.2006

Haglbyer og Store Smørskredtind

Heradstinden – Store Smørskredtind – er og vert majesteten i Sunnmørsalpane. Men kombinerer ein denne tinden med utette vassflasker, lyn, torevêr og haglbyer, ja, då er det ikkje like kjekt å vere på toppen…

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

28.07.2006

August på Sagafjord

Det vert dansemusikk alle dagar utanom søndagar, lunsjobord søndagar, og guida bygdevandringar. Dette er noko av tilboda frå Hotell Sagafjord i august.

Les heile

Rune Sæbønes

28.07.2006

Måndagstrimmen i Klokkeura

Måndagstrimmen har hatt ein flott sommar. Sist måndag gjekk turen til Frølandsdalen. Det var ny rekord for deltaking.

Les heile

Ivar Svein Mo

27.07.2006

Ein raud rutil med pyritt frå Hjørundfjorden

Helge Nordang viser i dag fram ein spesiell stein som han fann i eit steinbrot, vi legg ut bilde av steinen og skulle nokon av hjorundfjord.no sine brukarar ha spørsmål, så kan dei rette spørsmål til Helge gjennom kommentarspalta nederst på artikkelen.Husk at du må være innlogga som medlem og det er gratis og greit å gjere for alle.
Skriv gjerne kommentarar så vi får ein peikepinne på korleis interessa er for stein og geologi. Viss dette viser seg å være populært kan vi med faste innslag vise kva slags rikdom fjella våre innheld.(alle bilder kan klikkast på for å få fullversjon)

Les heile

Ivar Svein Mo

26.07.2006

Vakraste steinen i Hjørundfjord?

Volda og Ørsta geologiklubb vil dersom det er interesse på portalen for det,presentere med artikklar sine verdifulle steinar i samlinga si.Det vert i fyrste omgong steinar som er funne i Hjørundfjordfjella.

Les heile

[4 kommentarar]

Ivar Svein Mo

25.07.2006

Vår Herres søkelys på Hjørundfjorden

Knut J.Riise sende oss dette bilete som han har teke med si eiga tekst:


Sender eit bilete til frå mitt arkiv. Tykte det passa så fint i Hjørundfjordportalen.Tok det ein tidleg morgon i april i fjor. 15. april for å vere nøyaktig, frå Larsabakkane.

Helsing Knut J.Riise

Takk for bilete Knut, og vi ynskjer oss mange fleire med gode tekster.

Les heile

[1 kommentar]

Ivar Svein Mo

25.07.2006

På veg mot Dalegubben

Knut J. Riise har sendt oss desse bileta for bruk på portalen. Dei vart tekne 21.juli 04.

Takk til Knut for bilete av ypperste motiv vi kan få.

Les heile

Rune Sæbønes

17.07.2006

Portalen og målform

Mange har stilt spørsmål om språk og rettskriving på hjorundfjord.no. Her kjem nokre råd og retningsliner.

Les heile

Ivar Svein Mo

15.07.2006

Landbruket i slutten av 50 åra

I slutten av 50 åra var det optimisme og folk var jordnære og mykje folk trekte mot byen for å busette seg for å finne seg ein leveveg. På gardane vart det mindre med folk som kunne hjelpe til. Ein øyk var vanleg, men det kunne være ynskjeleg med ein til og då var det oksen måtte ut av fjøsen.....

Les heile

Knut Hustad

15.07.2006

Alfred Nobel, dynamitt og Moamartinus.

Rett før det small, snudde han ryggen til, trekte skuldrane så godt han kunne oppunder øyro og bøygde seg lett framover. Det var ikkje kjekt å få for mykje av stoffet ned mellom skjortekragen...(Sjå eigen artikkel v/Ivar Svein Mo om oksen i Martinesgarden. På ingressbiletet ser ein Jørgen Mo og den eldre mannen bak oksen er Rasmus Mo. Fotograf er Ole Mo)



Les heile

Enok Kippersund

13.07.2006

Med "Trollfjord" mot nord

27.juni 2006: Nordgåande hurtigrute "Trollfjord" slakkar ned for å leggje til kai i Ålesund. Vil skipet halde seg flytande når vi straks går om bord med alle våre kjempestore forventningar?

Du er velkomen til å lese litt om starten og sjå nokre bilde på:

http://www.hugen.no/reisa/reisa01.htm

Les heile

Perry Bjørke

13.07.2006

Ungdomskampanjen

Kampanjen ROLIG,NÅ / www.rolignaa.no
Kampanjen tar for seg dette:
Alkohol og virkninger-Drikkepress-Risiko-Alkohollangere


Les heile

Tor Eirik Trandal

11.07.2006

Gamle uttrykk for vêret

Hjørundfjorden har som kjent eit vêr som kan være lunefullt frå tid til anna, og lite har vel vorte så omdiskutert som akkurat vêret. Derfor har folk gjerne oppretta sine eigne ord og uttrykk for dei forskjellige vêrtypane.

Mange gamle uttrykk har vel allereie gått i gløymeboka for dei aller fleste, men kanskje fins det nokre som enno kan desse orda?

Les heile

Rune Sæbønes

08.07.2006

Stans på Trandal

"Stans på Trandal, slik som folk gjer flest.
Kom til Trandal, og føl deg som vår gjest."
Slik er innleiinga til den nye sommarhiten til Gunnar GP Pedersen. Han er husmusikant på Christian Gaard i juli. Han og gjestene er ikkje i tvil. Det er ingenting som slår Trandal i sommar.

Les heile

[4 kommentarar]

Rune Sæbønes

07.07.2006

Dette veret

Då tidlegare ordførar Sigbjørn Kvistad flytta frå Sæbø til Hamar sa han at det var ein ting som slo han: "På Hamar er det ingen som snakkar om veret". Kanskje ikkje så rart. Hovudteorien må jo vere at dess meir veret skiftar, dess meir snakkar vi om det. I så måte er Hjørundfjorden ein plass vi snakkar om veret. Ofte.

Les heile

Kjell-Johan Aarseth

05.07.2006

Meir om hesjing. Attende til 1979

Såg at nabo-Knut ned på Haua etterlyste gamle bilete om hesjing, og måtte bla i albumet tilbake til 1979. No er kanskje ikkje det for gamle dagar å rekne for dei fleste godt vaksne bondalingar, men sjølv var eg ein ungfole på 6 år.

Les heile

[4 kommentarar]

Ivar Svein Mo

04.07.2006

Endeleg ein med god tid

Traff på denne karen i dag, og her var allverdens med tid så eg ba son min Sondre(10), å springe etter kameraet. Vi tok dette bilete, men gløymde å legge ved noko som kunne dokumentere størelsen. Snegelhuset hadde ein diameter på ca.15-20 mm og heile snegelen var under gange ca.30-35mm lang.Det er sikkert nokon av Hjørundfjordportalens lesarar som kan fortelje meir om denne karen.

Les heile

[1 kommentar]

Rune Sæbønes

03.07.2006

Tour de Hjørundfjord?

Årets Tour de France er i gang. Dette sykkelløpet er faktisk verdas tredje største idrettsarrangement, og ein folkefest dei fleste knapt anar dimensjonane av. I år syklar syklistane også innom Tyskland, Spania, Nederland og Belgia. Det er då den ville ideen kjem. Kan eit slikt arrangement ha ein etappe i Hjørundfjorden? Det er faktisk mogleg.

Les heile

Knut Hustad

02.07.2006

Tid for gifting!

No ynskjer sikkert dei fleste bruder å ha ein brudebukett av flotte "kjøpeblomar", men til å pynte med...

Les heile

Rune Sæbønes

01.07.2006

Altmulegmannen

- Hei Oddvar. Har du brukt fløyta i det siste.
- Ja, men det er ein surklete lyd.
- He he. Det er ikkje rart. Inni her er det jo berre ein einaste rusthaug.
Bernt Arve Hustad skrattar godt på taket av M/S Hjørundfjord. Eigentleg vil ein verte overraska når ein ser folk på toppen av eit båttak. Men ikkje Bernt Arve. Han er altmulegmann.

Les heile