Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Desember 2006 » Ymse

Attende til hovudsida

Artiklar frå Desember 2006 i Ymse

Knut Riise

29.12.2006

Julesopptur

Eg fekk "sopp for nybegynnere" i julegåve i år.
Allereide i dag fekk eg bruk for den etter ein tur til skogs i Rognestøyldalen.

Les heile

[2 kommentarar]

Unn Frøland

29.12.2006

Vårleg jule-quiz

I dag har det vore sørgeleg taust på portalen, så eg tenkte eg skulle prøve brukarane på ein quiz som eg hadde tenkt å spare til våren. Noken som veit kva dette er? Navnet er sjølvsagt ikkje nok!

Les heile

[5 kommentarar]

Knut Hustad

27.12.2006

Mi meining

På hjorundfjord.no skal vi skrive berre om det rosenraude - om det som kan kallast gladnyhender. Eller…

Les heile

[6 kommentarar]

Knut Hustad

27.12.2006

Jol i Oslo

I Oslo sit det ein mann som heiter Jon Hustad. Han er journalist i Klassekampen og skriv mellom anna kommentarar i avisa. På julaftan sakna han den gode julematen - lammeribba...

Denne kommentaren vert lagt ut her på hjorundfjord.no etter løyve frå Klassekampen.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Riise

25.12.2006

Ein nydeleg 1. juledag

Etter regn og atter regn, kom endeleg ein fineversdag.
Det vart tidleg bestemt at vi skulle sjå sola, om det heldt seg klårt. Og då vart Stokkehornet valt. Og så snart det var lyst tok vi laust.

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Riise

24.12.2006

Førskuletid på gamle Rise

Dette postkortet frå før krigen viser Rise sett frå aust.
Pegarden ligg bak grana. Huset heilt til høgre vart seinare flytta til Sæbø,og er i dag feriehuset til Annik Magerholm Fet.
Dei flytta det over Gråtevadet og ned gjennom øyane. Dei bodde i huset og folk huskar endå at det rauk av pipa under flyttinga.

Sjølv om det nærmar seg 40 år sidan mitt barndoms Rise gjekk tapt, hugsar eg mykje frå oppveksten.

Les heile

Johannes Halland

24.12.2006

Julefest på skulen

Måndag 18.12. var det tid for den tradisjonelle julefesten på Sæbø skule. Pensjonistar, besteforeldre og foreldre var invitert.

Les heile

Knut Hustad

23.12.2006

"Oss er en evig frelser født!"

Solveig og Arne Svilosen var frå 1977 til 1987 presteparet i Hjørundfjord (foto til høgre). I dag er dei to busett på Lillehammer og Arne er feltprost i Forsvaret. Det gler oss mykje at Arne har sendt oss brukarar av Hjørundfjordportalen ei helsing og andakt der han minner oss m.a. på at jul er høgtid og at jula sitt kristne sentrum er at Gud vart menneske...

Les heile

[2 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

22.12.2006

Julekalender: luke 22

Då er Rudolf snart i sikte og det er berre 2 dagar att til julaftan. Julekalenderen på hjorundfjord.no nærmar seg slutten, men fortsatt nokre sjansar igjen til å avsløre nissen. Kven skjuler seg bak maska i luke 22?

Les heile

[12 kommentarar]

Knut Hustad

22.12.2006

God jul frå frukostgjengen på Bellingen

Flesteparten av frukostkaffigjengen på Bellingen på Sæbø har, eller har hatt, levevegen på sjøen. No nyttar gjengen høvet til å ynskje alle som må vere ombord på fartya sine i jula, ei God og fredeleg julehøgtid.

Les heile

[1 kommentar]

AnnHelene Wille

21.12.2006

Julefest

Velkomen til julefest på Sæbø Bedehus 4. juledag kl. 16.00. Vi får besøk av Paul Kristian Hovden frå Ørsta som vil snakke til borna, Hjørundfjordkvintetten, born frå bygda vil synge, gang rundt treet og kanskje dukkar nissen opp? Ta gjerne med eit fat med mat, vi kokar kaffi og borna vil få brus. Vi ønsker at bygda held fast på tradisjonen med julefest. Velkomen!

Les heile

Unn Frøland

21.12.2006

Føden i Volda kan bli feriestengt

Dei fleste har nok fått med seg i media at det er bestemt at føden i Volda skal være feriestengt i juli. På nyåret vert det satt i gang ein innsamlingsaksjon med Svein Sunde i spissen for å hindre dette.......

Les heile

[1 kommentar]

Kjell-Johan Aarseth

18.12.2006

Julekalender: luke 18

Tredje søndag i advent er forbi og no er det berre seks dagar igjen til julaftan. Veit du kven som skjuler seg bak nissemaska i dag, 18. desember?

Les heile

[11 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

17.12.2006

Julekalender: luke 17

Ingen klarte å avsløre nissen i gårsdagens oppgåve, og det er ikkje sikkert dagens julenisse vert noko lettare. Er du registrert på portalen kan du vere med å gjette.

Les heile

[3 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

14.12.2006

Julekalender: luke 14

Det nærmar seg jul med stormsteg, og det byrjar å minke på lukene i kalenderen. I dag er det nr. 14 som står for tur. Veit du kven dagens julenisse er?

Les heile

[7 kommentarar]

Rune Sæbønes

12.12.2006

Natt i Hjørundfjorden

Natta i Hjørundfjorden kan vere magisk, med månelys og fjorden som speglar seg i lysa. Likevel, av og til er det regnveret som dominerer, utan at ein skal kome i tungsinn av den grunn.

Les heile

[3 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

11.12.2006

Julekalender: luke 11

Då er det klart for luke nr 11 i hjorundfjord.no sin julekalender. Er du registrert som brukar på portalen, kan du vere med å tippe på kven nissen er.

Les heile

[11 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

09.12.2006

Julekalender: luke 9

Mange sleit med å avsløre kven julenissen var i gårsdagens luke. Ny muligheit i dag. Opne luke 9 og ver med å tipp. Kanskje nettopp du er den raskaste til å svare rett?

Les heile

[5 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

05.12.2006

Julekalender: luke 5

Det er tydeleg at folk kjenner kvarandre i Hjørundfjorden, sjølv med nissemaske på. Kanskje du veit kven dagens julenisse er også? Opne luke 5 og sjå.

Les heile

[5 kommentarar]

Knut Hustad

05.12.2006

Åshild lefsebakar

Flatbrødbaking heime, lefsebaking på Hjørundfjordheimen, lefsebaking heime... Det er travle tider for Åshild - fagarbeidar på lefse som ho er.

Les heile

[1 kommentar]

Dagfinn Strand

03.12.2006

Tur til Vasstøylen

Hadde meg ein fin tur til Vasstøylen i dag 3 desember.
Det var ein fin tur med heilt bart for snø, den låg ca en 100 meter lenger oppe. Har hatt meg mange tura i Kvistaddalen og
Vasstøylen oppigjenom åra, men aldri opplevt å få gå heilt til
Vasstøylen på bar mark så seint. Det jeg lurte på er om her er andre fra
Bondalen som kan huske at det har vore så lite snø i fjella tidlegere
om åra, og om dei kan minnest om dei har gått på bar mark heilt til Vasstøylen så seint som 3 desember.
Håper på god hukomelse?
Dagfinn Strand.

Les heile

[3 kommentarar]

Knut Hustad

02.12.2006

Julerøykalaksrøykaren

To nye laksesider vert lagde i kassa. Så litt sukker – aahh, litt til, så ein trekvart Josteinneve med grovsalt og til slutt passe mengde med finsalt. Julerøykalaksrøykaren på Sæbøneset, Jostein Koppen, har det travelt om dagen. Kundane skal ha røykalaks av topp kvalitet til jul.

Les heile

[2 kommentarar]

Kjell-Johan Aarseth

01.12.2006

Julekalender på hjorundfjord.no

I dag 1. desember startar ein høgtideleg (det er jo snart jul) julekalenderkonkurranse her på hjorundfjord.no. Kvar dag fram til julaftan vil lesarane kunne vere med og tippe på kven dagens julenisse er.

Les heile

[11 kommentarar]