Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - November 2006 » Ymse

Attende til hovudsida

Artiklar frå November 2006 i Ymse

Knut Hustad

30.11.2006

Nei til M/S "Hjørundfjord"?

Nei til M/S "Hjørundfjord" seier administrasjonen i Ørsta kommune. Imens gjer båførar Oddvar Olsen og dokter Bruno Hame jobben sin. Det gjer dei rett i.

Les heile

Knut Hustad

28.11.2006

Quiz - Kven er dette?

Her ventar vi ny rekord i rask løysing. Men vi treng meir enn eitt ord til svar. Kven er dette?
Og vi har no lagt inn ein quiz nr. 2. Kva heiter dette fjellet? (Sjå under)

Les heile

[8 kommentarar]

Knut Hustad

25.11.2006

Tilbakeblikk

Jau, underteikna har fått med seg at det er - og ikkje minst var - noko spesielt med fotballcupane i Hornindalen. På fotografiet til høgre, frå 1953, ser ein eitt av dei beste laga Sæbø Idrottslag har forstra... Laget vann 5 - 4 over Velledalen etter straffekonkurranse.

Les heile

[5 kommentarar]

Rune Sæbønes

24.11.2006

Hjørundfjorden - opplevingsfjorden

Hjørundfjorden er i ferd med å markere seg som eit flott, viktig og heilt naudsynt reisemål. Aktivitetstilboda er mange, både sommar og vinter. Hjørundfjorden er opplevingsfjorden. Då er det viktig at ein også har ein plass å bu og ete under opphaldet. I denne artikkelen viser vi nokre av tilboda hjorundfjord.no fann etter eit kjapt søk på internett.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

22.11.2006

Frå fjøs til tind

Artikkelen under stod nyleg på trykk i Fjell og Vidde, medlemsbladet til Den Norske Turistforeningen. Den stod også på trykk i Møre Nytt for ca. eitt år sidan. Likevel set eg den på trykk her på hjorundfjord.no då det er nokre av dykk som har spurt etter den. Til høgre ser vi underteikna med den omtalte kalven. (Foto: Jakob Hustad)

Les heile

[3 kommentarar]

Rune Sæbønes

16.11.2006

Ny gymnastikksal krev stor innsats

Arbeidet med ny gymnastikksal ved Sæbø skule held fram. Prosjektet ser ut til å måtte verte eit stort lyft for folket i Hjørundfjorden. Sjølv om prosjektet er kommunalt, er det lite sannsynleg at kommunen vil løyve midlar til ein gymnastikksal utover minimumsstandard. Skal gymnastikskalen få dei måla og dei funksjonane som bygda ynskjer, må det skaffast til veges mellom ein og ein halv og to millionar kroner eksternt.

Les heile

Rune Sæbønes

16.11.2006

Fullt hus for Marie

- Dette var kjekt. Dette må de gjere fleire gonger. Dette er det meir meining i enn å sløve framfor fjernsynskjermen.
Utsegner som denne var det fleire av etter kulturkvelden på Bondalen grendahus fredagskvelden. Tilskipinga, som var eit samarbeid mellom Hjørundfjord Sogelag og Ørsta Mållag, vart ein fulltreffar med fullt hus og god stemning, og arrangørane var meir enn fornøgde.

Les heile

Cecilie Rørstad

14.11.2006

Rassikring Bjørke - Viddal med i budsjettet!

I fylkesdirektør Guttelvik sitt framlegg til budsjett og økonomiplan er det sett av til saman 100 mill. til rassikring på strekninga Bjørke - Viddal. Det er då stor sannsynlegheit for at det også er politisk semje om å løyve midlar til prosjektet. No gler me oss til å sjå Vegvesenet sine planar og satsar på oppstart våren 2007. Endeleg kan me bruke tid og krefter til det me har lyst å drive med på Bjørke!

Les heile

[1 kommentar]

Tor Eirik Trandal

14.11.2006

Bygda har teke grep om eiga utvikling !

Hjørundfjorden Bygdemoblisering er godt i gong og vil ha mange oppgåver framover.Vil du ha informasjon kva vi har gjordt og vil gjere framover, så kan du lese her...
Bilete til høgre er utsikt innover i Storfjorden.Du ser Urke Skår og Leira.(foto Bernt Arve Hustad)

Les heile

[2 kommentarar]

Knut Hustad

12.11.2006

"Hjørundfjordferja" M/F "Folkestad"

Det må vel vere lov til å kalle M/F "Folkestad", ferja som går mellom Volda og Folkestad, for "Hjørundfjordferja" når tre av eit mannskap på seks er Hjørundfjordingar?
Til høgre ser vi styrmann Ole Johan Riise frå Sæbø i førarstolen på ferja.

Les heile

[4 kommentarar]

Knut Hustad

11.11.2006

Nasjonal lakseelv?

- I disse dager foregår det en intens dragkamp mellom oppdrettsinteresser og villaksinteresser... Dette skriv Helge Strand m.a. i artikkelen under.

Les heile

Knut Hustad

10.11.2006

Den verkelege laksen

Helge Strand er laksesjef her på hjorundfjord.no. Men visste du at han også snikrar poesi av høg klasse? Diktet under fann vi som ein bortgøymd kommentar...
På foto til høgre ser vi Helge - sjølvsagt med laks på kroken. Klepparen er Jostein Koppen.

Les heile

[2 kommentarar]

Sølvi Britt Skylstad

07.11.2006

Fjernet

Denne artikkelen er fjernet av innlegger.

Les heile

Hjørundfjord bygdemobilisering

06.11.2006

Tomteutbygging på Sæbøneset.

Hjørundfjorden Bygdemoblisering har kontakta Ørsta kommune etter at interesserte tomtekjøparar har fått skissert at dei må kanskje forskottere framføring av vatn og kloakk til andre tomter på Sæbøneset. Dette finn vi merkeleg og tok kontakt med Ørsta kommune, for dette vil virke mot sin hensikt. Sakshandsamar og leiinga i kommuna har lytta på våre synspunkt, denne gongen som tidlegare. Vi har sendt eit brev til formannskapet om saka.Brevet kan du lese her....

Les heile

[1 kommentar]

Knut Hustad

05.11.2006

Maskineigar Ronny Aamås

I dag avslutta maskineigar og maskinførar Ronny Aamås arbeidet med gangvegen på elverampa frå Hustadbrua til Rise. Han har utan tvil gjort eit svært godt arbeid.

Les heile

Sølvi Britt Skylstad

04.11.2006

DEN GAMLE BLÅ BOKA.

Atmed ein striskjorteknapp låg ei gammal skrivebok i eit lite skrin. Boka er falma men framleis blå utapå. På framsida i ein firkant står det med sirleg blekkskrift :Ber. K. Stennæs Diktatbog.

Les heile

Rune Sæbønes

02.11.2006

hjorundfjord.no - bruken av portalen

Hjørundfjordportalen, hjorundfjord.no, vert stadig meir nytta. Det er vi som står bak portalen takksame for. Den siste veka har snittet vore over 150 unike treff dagleg. Det likar vi. I denne artikkelen peikar vi litt på bruk - og skikk og bruk på portalen.

Les heile

Kjell-Johan Aarseth

02.11.2006

Sæbøveteranar på ekskursjon til Sogndal

Nokre har sikkert fått med seg at Sæbø-gutta på tur er eit årleg haustfenomen. Kvart år sidan 2001 har tidlegare a-lagsspelarar i fotball på Sæbø reist på samlingstur. I år var det 16 forventningsfulle karar som sette kursen mot Sogndal nest siste helga i oktober.

Les heile

[22 kommentarar]