Bodil Skare
31.07.2013
Ein flott overgangstur.
Med vêrmeldingar om store nedbørsmengder, herska det ein viss skepsis om morgonen på om turen vår skulle avlysast eller ei.
Vi satsa på tur, og vi angra slett ikkje på det .
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Juli 2013 » Sport
Bodil Skare
31.07.2013
Med vêrmeldingar om store nedbørsmengder, herska det ein viss skepsis om morgonen på om turen vår skulle avlysast eller ei.
Vi satsa på tur, og vi angra slett ikkje på det .
Bodil Skare
30.07.2013
Måndagsturen,som er en del av programmet til Naturfestivalen denne veka, gjekk til Tua på Hustadneset.
Ein svært triveleg gjeng, med godt humør, trass i at regnet hølja ned.
Marit Riise Olsen
26.07.2013
NB!!!! Forandringar i oppsettet i årets Sæbø-cup.
Åmdal har i siste liten trekt seg frå årets Sæbø-cup. Opningskampen mellom Sæbø - Åmdal kl. 16.30 dett derfor ut.
Den nye opningskampen blir av denne grunn Ørsta - Vartdal kl 17.30.
Nytt oppsett heng på Bellingen, Joker og Klubbhuset.
Vell møtt!:)
Marit Riise Olsen
25.07.2013
Årets Sæbø-cup er rett rundt hjørnet, og fredag (26.07) sparkar vi turneringa i gang! Nytt frå i år av er at cupen blir spelt over fredag og laurdag, og avslutta med premieutdeling og bankett på Sagafjord Hotell laurdag kl. 20.00.
Vi oppmodar alle store og små til å ta turen bort for å oppleve fin fotball og god stemmning. Vell møtt!:)
Bodil Skare
23.07.2013
Endeleg kom sommaren, og for eit flott turvêr.
Vi som tok måndagsturen på Årsgogstøylen og Høgereset fekk ein flott fjelltur, og eit bad i Bjønnalauget måtte vi prøve.
Haldis Fiskå Mo
18.07.2013
I kveld avlyser vi for fyrste gong ein trimtur i regi av trimgruppa. I ettermiddag frå kl. 16.00 og utover er det meldt store nedbørsmengder og NVE melder fare for jord- og flaumskred. Vi har som alle veit ikkje vore redde ein regnskur på turane våre, men i ekstremver vil vi ta ansvar og halde oss heime.
Då seier vi vel møtt mandag 22. juli til tur på Høgereset.
mvh. Trimgruppa i SIL
Bodil Skare
17.07.2013
Måndagsturen vart ei oppleving.
Ikkje berre var turen flott, men ei triveleg overrasking venta oss på Høgenausa.
Monica Elise Follestad
12.07.2013
Vi var ti stk som møtte opp klar til tur denne torsdagen. Og det vart ein flott tur til Kvamsedalsreset og Vasstøylen.
Haldis Fiskå Mo
01.07.2013
Aldri ein måndag uten trimtur, uansett kor det regnar...Når klokka var seks stod ein god gjeng klar, Sigrun stilte sporty opp som turleiar i dag.