Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - August 2012 » Sport

Attende til hovudsida

Artiklar frå August 2012 i Sport

Lisbeth Aklestad

31.08.2012

Sykkelløp

Fredag 7. september arrangerer Barneidretten sykkelløp. Påmelding frå klokka 17.30. Både mål og start er ved klubbhuset. Du vel sjølv kor langt du vil sykle, og det er drikkestasjon undervegs. Etter løpet vert det delt ut pølser og saft til deltakerane i målområdet.

Det vil verte loddsal med fine premiar, og me vil også ha trekning på startnummer.

Startkontingent : kr 50 pr pers, kr 150 pr familie (inkl. pølse m/brød og saft).

Les heile

Aanon Aanonsen

30.08.2012

Nye gensarar Sæbø IL Handballgruppa

Sæbø IL Handballgruppa er no i full gang med å ordne nye gensarar til sesongen. Genseren er raud og av merket YOU. Trykkeriet kan ikkje gi hverken oss eller sponsorane ein pris utan at vi veit eit ca antal på kor mange som vil ha. Kan dokke hjelpe oss litt igang? Det vi har tenkt er å spre ordet her og på portalen, og ved hjelp av dokke nå flest mogleg. Skriv ein mail til Lasse (larsjohan@live.no) om kor mange genserar du vil ha, barn og vaksne, innan fredag 7 sept. NB: DETTE ER IKKJE EI BESTILLING, berre ei hjelp til oss for å få ein pris, spesielt til sponsorane. Den endelege bestillinga kjem når alt er klart:) Takk for hjelpa!

Helsing styret

Les heile

Bodil Skare

21.08.2012

Flott på Bondalsbakken

Skodda låg i fjella og turen til Bondalsbakken er den våtaste av turane vi vanlegvis går.
Opplett og varmt var det, så vi la i veg, optimistiske og mannssterke mot målet.
Utsikta var verdt strevet.

Les heile

AnnHelene Wille

07.08.2012

Sæbønestua.

Vi var ein god gjeng på 21 stk. som møtte opp til mandagsturen på Sæbønestua.

Les heile

Bodil Skare

04.08.2012

Familietur på Stokkesetra.

Full klaff med vêret og godt oppmøte gjorde familieturen til Stokkesetra til ei kjempetriveleg stund for alle som var med.
Desse karane studerte insekt, fuglar og mykje anna.

Les heile

[2 kommentarar]

Emile van Embden

03.08.2012

norwaycup 2012 is over

Då var Norway cup eventyret over, me gjekk oss på eit surt 4-0 tap mot Jølster i ein jamn kamp.

great jobb gutter and nina, have fun at tusendfryd today and we see you all tomorrow back at Sæbø :-)

Les heile