Hjørundfjordportalen » Lokalt » Artiklar - Oktober 2012 » Sport

Attende til hovudsida

Artiklar frå Oktober 2012 i Sport

Øyvind Taklo

30.10.2012

Kunstgrasbane på Sæbø?

For ca. 2 år sidan vart det stifta ei arbeidsgruppe for kunstgrasbane på Sæbø. Skal vi jobbe vidare med dette må vi ha med fleire personar i arbeidsgruppa.

Les heile

Wenche Wollsæter

29.10.2012

SÆBØ IL. HANDBALLGENSER

Sæbø handball er no klare til å ta imot bestilling på handballgenseren.
Genseren er raud med hette, og det vil verte ein del reklame på.
Prisen er kr.250 for 4-6 år, 8-10 år og 12-14 år, og kr.300 for vaksnestr. Om du vil ha namn på så kjem der eit tillegg på 45 kr.

MØT OPP VED GYMSALEN ONSDAG 31.0KTOBER FRÅ KL. 17.00-18-15 FOR BESTILLING. Det vert også mogleg å prøve genseren.
Bestilling pr tlf: 41543306 (Wenche W)
Siste frist: fredag 2.november!
Kontant betaling ved utlevering.

Mvh. Wenche Wollsæter, Sæbø Handball.

Les heile

Bodil Skare

19.10.2012

Vellukka avsluttning på sesongen.

Søndag fjortande oktober hadde trimgruppa ein kveld med underhaldning, god mat og godt prat.
Denne kvelden som avsluttning på sesongen har no vorte ein årleg tradisjon som vi set stor pris på.

Les heile

Bodil Skare

12.10.2012

Kjempekjekt på Zumba!

Det er fremdeles ikkje for seint å starte på Zumba.
Mandag frå kl 1900, er det fart og fengande rytmer i gymsalen på Sæbø, vi har ennå ledig plass til dei som vil.
God og allsidig trim for alle!

Les heile

Lisbeth Aklestad

11.10.2012

Innetreningar for 1.-4. klasse

Barneidretten startar opp med innetreningar i gymsalen på tysdagar frå 17.00 – 18.15. Fyrste trening blir tysdag 16. oktober. Åse Lill Leknes og Aleksander Riise Olsen skal leie treningane. Det vert varierte aktivitetar som passar godt også for dei som ikkje er så glade i ballspel.

Alle må ha innesko, og ta gjerne med drikkeflaske.

Les heile

Knut Hustad

08.10.2012

Tindekliv på Sunnmøre

Så er ho endeleg klar - Dagfinn Hovden si bok "Tindekliv på Sunnmøre"...

Ingressfoto: Peder Sørheim i ferd med å klatre opp nordaustegga til "Råna" i 1975.

Les heile

Bodil Skare

01.10.2012

Hausttur til Frølandsetra.

Tre spreke heltar tok turen til Frølandsetra denne måndagen.
Det var regn og bygevêr, men det stoppa ikkje desse tre.
På vegen vart det fire i fyljet.

Les heile